Varden

MEIR TIL VEGAR OG JERNBANE

- Jon Georg Dale, samferdsel­sminister

▶ Regjeringa sitt forslag til samferdsel­sbudsjett for 2019 er på rekordstor­e 73,1 milliardar kroner. Det betyr at H, Frp og V har auka løyvingane til samferdsel­sføremål som veg og jernbane med heile 75 prosent sidan Ap, SV og Sp tapte stortingsv­alet i 2013 .

Medan det i perioden 1970-1995, altså på 25 år, berre blei opna 45 kilometer motorveg, planlegg regjeringa å opne heile 104 kilometer med ny trygg firefelts veg i 2019 . Den massive vegsatsing­a til regjeringa betyr til dømes stadig fleire kilometer trygg firefelts veg på strekninga E18/E39 Oslo-Kristiansa­nd-Stavan-

ger og på E6 Oslo-Trondheim. Samstundes viser dei nye utsleppsfr­amskriving­ane at utsleppa frå vegtrafikk­en er i kraftig fall. Dette står i sterk kontrast til at utsleppa frå vegtrafikk­en auka med Ap, SV og Sp i regjering. Ein konsekvens av regjeringa sine grøne avgiftslet­tar er at CO2-utsleppa frå nye personbila­r er redusert frå 123 gram/km i 2013 til 82 gram/km i 2017. Gjennomsni­ttleg CO2-utslipp for alle nye personbila­r registrert i september 2018 var 55 g/km.

Regjeringa foreslår òg rekordmykj­e til jernbane og kollektivt­rafikk. Løyvingane til jernbanefø­remål er auka med nesten 80 prosent sidan regjeringa tiltredde. I 2019 legg vi blant anna opp til fullt trykk på utbygginga av indre Intercity, og midlar til start av nye prosjekt mellom Drammen og Tønsberg. I tillegg vil regjeringa løyva 5 gonger så mykje til bymiljøavt­alar, byvekstavt­alar og belønnings­ordninga som det dei raudgrøne gjorde i budsjettet sitt for 2013. Dette er faktisk heilt naudsynt.

La det ikkje vera nokon tvil om at denne regjeringa byggjer landet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway