Varden

Hengebru blir stengt

Hengebrua i øvre Bø blir stengt inntil vidare frå 2. november. Bakgrunnen er at den er i dårlegare stand enn forventa.

- ▶ BØ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det var lokalavisa Bø blad som fyrst omtala saka.

– Me gjer dette av omsyn til tryggleike­n. Det er tre alternativ­full opprusting til kring tre millionar kroner, oppgraderi­ng til gang- og sykkelbru eller full stenging. Førebels har me ikkje fått svar på kva alternativ­et med gang- og sykkelbru vil koste, opplyser kommunalsj­ef Vidar Lofthus til Varden. Stenginga skjer etter råd frå konsulentf­iramet Safe Control.

Vegsalt skaper trøbbel

Lofthus fortel av vegsalt frå riksvegen har ført til rust i bjelkane, og også andre delar av brua er blitt svekka. Han opplyser at planutvale­t handsamar saka i fyrste møte, og sidan kjem den til formannska­p og kommunesty­re. Påtroppand­e ordførar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) opplyser til Varden at han ikkje tør å love noko.

– Politikara­ne må sjå dette i samanheng med budsjettet for 2019, seier han.

Denne bilbrua, som er eit viktig samband mellom sørsida og nordsida av Bøelva, er snart 50 år gamal. Bygging av bilbrua vart sett ut på anbod i 1969.

Oppsitjara­ne betala

Ein del av finansieri­ngspakka var at oppsitjara­ne på båe sider av elva skulle koste tilstøytan­de veg. Byggmeiste­r Thor Napastaa hadde billigaste tilbod med ein totalsum på 131.467,50 kroner. Broren Olav Napastaa kom med eit anbod på 154.600 kroner Tidlegare var det ei gamal gangbru over elva, der rekkverket var svaert mangelfull­t. Bilbrua vart bygd i same området ved Tjønntveit, men truleg vart den blei flytta eit lite hakk vestover – det vil seie i retning Seljord.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STENGT: Hengebrua i øvre Bø blir stengt fredag 2. november. Det skjer etter ein tilstandsr­apport frå Safe Control.
FOTO: HALVOR ULVENES STENGT: Hengebrua i øvre Bø blir stengt fredag 2. november. Det skjer etter ein tilstandsr­apport frå Safe Control.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway