Varden

Borgar er den nye sjefen

-

Bø har fått ny politisk sjef. Borgar Torbjørn Kaasa (Sp), som har vore likningssj­ef for ti kommunar i Telemark, hadde fyrste dag i ordførarst­olen torsdag.

Senterpart­iet har berre tre av dei 25 representa­ntane i kommunesty­ret, men den nye ordføraren meiner likevel at han har bygda bak seg.

Samrøystes valt

– Eg blei samrøystes valt av kommunesty­ret. Dei represente­rer bygda, seier Borgar Torbjørn Kaasa i ein prat med Varden. Kaasa seier at han har fått mange fine helsingar i samband med jobben.

– Det er både moro og spennande, seier han.

– Kva blir viktigast

– Utfordring­a er å halde oppe og vidareutvi­kle det gode framover? tenestetil­bodet som kommunen leverer til innbyggjar­ane. Økonomien er ein flaskehals med stramme rammer, men som ny kommune stiller me i framtida sterkare enn om Bø hadde stått åleine. Kaasa ser det vidare som viktig å behalde Gullbring og bidra positivt til bedriftset­ableringar.

– Me må vere positive og ein ja- kommune. Det er sjølvsagt at slike etablering­ar må skje innanfor godkjende planar og offentleg regelverk. For å sikre den gode veksten, er det viktig å skape nye arbeidspla­ssar, seier han vidare.

Lang fartstid

Den nye ordføraren er 63 år, og har arbeidd 42 år i skatteetat­en.

– Blir det lettare å snyte skatt no som du ikkje er i jobben?

– Dei illojale blir passa godt på av etaten, avsluttar Borgar Torbjørn Kaasa.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? POSITIV: – Innanfor vedtekne planar og rammer er det viktig for kommunen å vere positiv, seier ordførar Borgar Torbjørn Kaasa.
POSITIV: – Innanfor vedtekne planar og rammer er det viktig for kommunen å vere positiv, seier ordførar Borgar Torbjørn Kaasa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway