Varden

Ingen jol utan Ragnar

Dugnadsånd­a har Ragnar Lurås teke med seg frå Edland. No er han klar med si 19. utgåve av «Jol i Telemark».

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

19. utgåve av «Jol i Telemark» er klart. Dugnadsånd har vore drivkrafta.

NRK-journalist­en kom inn som medredaktø­r i 2000, og sidan blei han eineredakt­ør av det populaere som er trykt opp i eit opplag på 5.000.

Snudde økonomien

– Dette har vore eit dugnadspro­sjekt, men i det siste er det blitt litt godtgjersl­e til redaktøren og honorar til bidragsyta­rane. Da eg kom inn, hadde bladet kassakredi­tt. I dag har me pengar på bok, seier Ragnar Lurås. – Kva er det som driv deg? – Eg liker friviljug innsats for organisasj­onar. Dette ligg i meg frå oppveksten heime i Edland. Der er dugnadsånd­a god, seier den 63 år gamle redaktøren.

Det høyrer med at dugnadsjob­ben også har kosta han ein privatbil. Når han er ute med bladet rundt om i fylket, er det som regel snø i dei øvre bygder.

Bilen gjekk tapt

– Ein gong kom eg utfor vegen og utan kasko var bilen tapt. Så no har kona forlanga at eg må køyre i leigebil når eg er ute på desse turane med bladet mitt, seier den ivrige redaktøren med eit smil.

Telemark Mållag gjev ut «Jol i Telemark» som i år har 85 -årsjubileu­m. Ragnar har også vore leiar av den organisasj­onen i fleire år.

Det nynorske språket har han med seg heimanfrå, og interessa vart styrkt ytterlegar­e da han skreiv om Aasmund Olavsson Vinje i ei historisk oppgåve på Journalist­høgskolen i Oslo.

Sidan har vinbyggjen, som no er busett i Skien, vore redaktør av Radio Ok i Oslo og Vest-Telemark Blad.

Snart kan han feire 20-årsjubileu­m som journalist i Telemarkss­endinga.

Spennande stoff

Den røynde redaktøren byr på mange spennande soger. Hovudartik­kelen i år er ført i pennen av Ingebjørg Lognvik Reinholdt. Ho skriv om Guro Heddelid og det dramatiske livet hennar på Heddelidga­rden i Seljord. Artikkelen er illustrert av Johnny Andvik, som er blitt fast illustratø­r for «Jol i Telemark».

Anders Kvåle Rue fortel om portalane i Heddal stavkyrkje, Kari Smeland byr på ei novelle medan Kjell Bitustøyl skriv om reingjetar­en Arne Nordgarden, for å nemne eit lite utval av dei mange spennande artiklane i årets utgåve.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? NY UTGÅVE: Ragnar Lurås er på marknaden med ei ny utgåve av bladet «Jol i Telemark».
FOTO: HALVOR ULVENES NY UTGÅVE: Ragnar Lurås er på marknaden med ei ny utgåve av bladet «Jol i Telemark».
 ??  ?? HYTTELIV: Før reiste folk på hytter i naerområde­t. Dette motivet henta frå bladet er frå Høglihytta i Gjerpen, sett opp av kjøpmenn frå Skien.
HYTTELIV: Før reiste folk på hytter i naerområde­t. Dette motivet henta frå bladet er frå Høglihytta i Gjerpen, sett opp av kjøpmenn frå Skien.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway