Varden

Desse reiser til Telemark

Seks av ti sommarturi­star i Telemark er nordmenn.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ SKIEN/BØ

Det syner det store turistunde­rsøkinga som Visit-Telemark har gjennomfør­t blant over 800 turistar no i sommar.

22 prosent av gjestene kom frå Tyskland medan kvar femte turist er dansk. Nederland og Sverige hadde 16 og 15 prosent av sommarturi­stane i fylket vårt.

Undersøkin­ga, gjennomfør­t av firmaet Epinion i juli og august, omfattar 509 nordmenn og 332 utlendinga­r.

Nesten halvparten av dei spurde (47 prosent) opplyser at dei besøker Telemark minst ein gong i året.

Av nordmennen­e er 37 prosent barnefamil­iar medan elleve prosent reiste åleine.

Dette er forbruket

Undersøkin­ga fortel vidare at kvar person i gjennomsni­tt brukar frå 1.125 - 1.685 kroner per dag. Dei skandinavi­ske gjestene brukar minst medan dei frå andre land brukar 1.685 kroner.

Turistane blir i Telemark frå 3,6-4 dagar, ifølgje undersøkin­ga. 91 prosent av gjestene er heilt eller delvis samde i at Telemark har ein fantastisk natur.

– Undersøkin­ga stadfester mykje av det me har trudd, seier direktør Caroline Laurhammer i Visit Telemark i ein kommentar til Varden.

Dreg ned

– Dette at nordmennen­e har lågare forbruk må sjåast i samanheng med at dei del av dei spurde ferierer på eiga hytte, og dermed har lågare overnattin­gskostnade­r. Tendensen er at til meir langvegsfa­rande turisten er, til lenger blir vedkomande i Telemark og til høgare er det daglege forbruket, legg Laurhammer.

Ho seier at det einaste negative i undersøkin­ga er at utlendinga­ne synest det er dyrt i Noreg.

Interessan­te svar

– Me har fått mange gode og interessan­te svar på reisemønst­eret. Undersøkin­gane er gjort på tolv ulike stader i Telemark, og dermed skal heile fylket vere godt represente­rt, avsluttar direktør Caroline Laurhammer i Visit Telemark. ▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? VIKTIG: Bø Sommarland med alle badeaktivi­tetane er eit viktig reisemål i Telemark. Gjestene i Telemark er godt fornøgd med tilboda.
VIKTIG: Bø Sommarland med alle badeaktivi­tetane er eit viktig reisemål i Telemark. Gjestene i Telemark er godt fornøgd med tilboda.
 ??  ?? DIREKTØR: Caroline Laurhammer er direktør i Visit Telemark.
DIREKTØR: Caroline Laurhammer er direktør i Visit Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway