Varden

Komet blei heidra Per Anders til topps

Kometen Simen Roheim Iversen blei heidra med minnepris, og Per Anders Buen Garnås vann hardingfel­e klasse A under Bøkappleik­en.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

24 år gamle Roheim Iversen blei laurdag ettermidda­g overrekt Heidi Løvlunds minnepris på 10.000 kroner pluss diplom. Utdelinga skjedde i samband med den årlege Bøkappleik­en.

Bøheringen, som no studerer på Universite­tet i Rauland, er eit stort talent i folkemusik­k. I fjor vann han seniorklas­sa i munnharpe. Simen lagar også munnharper på verkstaden til Universite­tet i Søraust-Noreg, der han skal ta bachelor på metallina.

Fekk spesiell julegåve

Opptakten til prisen er julegåva som Simen fekk av pappa Per Tore Iversen i 2014. Julepresan­gen var eit kurs i munnharpe hjå sambygding­en Anders Røine.

Simen hadde tidlegare ikkje noko spesielt forhold til folkemusik­k, men gåva frå faren tente verkeleg gnisten hjå 24-åringen som har lyst å satse vidare både med produksjon og speling.

Nervøs på scena

– Eg er fascinert av slåttespel, men føler meg ikkje så komfortabe­l med å stå på scena, seier bøheringen.

– Men du vann jo Landskappl­eiken ....

– Ja, men da var det rikeleg med nervar, seier folkemusik­aren som naermast har hatt ei lynkarrier­e.

Han synest prisen sjølvsagt er stas, og takka så mykje for prisen etter utdelinga på ungdomshus­et Sandvin i Bø. Publikum kvitterte med solide klappsalve­r til den populaere vinnaren.

Til topps

Per Anders Buen Garnås, som vann landskappl­eiken i sommar, tok ein ny siger i hardingfel­e klasse A med 93 poeng, eitt poeng før Torgeir Straand. Ottar Kåsa følgde på tredjeplas­s med 91 poeng, så det var jamt i teten. Åsmund Fauske Jøtun frå Gol vann B-klassa i hardingfel­e med 76 poeng, fire poeng før Birgit Haukås Tinn. Ånond Versto frå Seljord Folkemusik­klag kom på tredjeplas­s. Eivind Knutsen frå Setesdal var suveren i C-klassa hardingfel­e, 19 poeng før Elisabeth Østensen frå Seljord med 54 poeng. Sunniva Langås-Røiland kom på tredjeplas­s med 51 poeng.

Ingebjørg Bø og Eivind Bakka var einaste par i dans klasse A med 81 poeng. Marianne Tvitekkja med følgje frå Tinn vann B-klassa i dans, med 77 poeng, eitt poeng før sambygding­ane Birgit Haukås og Knut Boksasp Berge.

Gjertrud Raftevold Rue med følgje toppa C-klassa i dans. Knut Boksasp Berge vann halling klasse C, for å nemne nokre av resultata.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? MINNEPRIS: Simen Roheim Iversen fekk Heidi Løvlunds minnepris på 10.000 kroner pluss diplom under Bøkappleik­en på Sandvin laurdag ettermidda­g. Det var Guri Røsok som stod for overrekkin­ga.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES MINNEPRIS: Simen Roheim Iversen fekk Heidi Løvlunds minnepris på 10.000 kroner pluss diplom under Bøkappleik­en på Sandvin laurdag ettermidda­g. Det var Guri Røsok som stod for overrekkin­ga.
 ??  ?? LAGSPEL: Representa­ntar for Spelemanns­laget Bøheringen på scena i Bø laurdag.
LAGSPEL: Representa­ntar for Spelemanns­laget Bøheringen på scena i Bø laurdag.
 ??  ?? VANN: Per Anders Buen Garnås vann Bøkappleik­en. Dette motivet vart teke da han vann landskappl­eiken i Trysil i juni i år.
VANN: Per Anders Buen Garnås vann Bøkappleik­en. Dette motivet vart teke da han vann landskappl­eiken i Trysil i juni i år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway