Varden

Gjev blaffen i miljø og folkehelse

- Jon Ingebretse­n (Foto: Heiko Junge, NTB scanpix)

Da det blei innført flyseteavg­ift for ei tid tilbake, blei det ramaskrik fordi ein kunne risikere å få nedgang i flytrafikk­en og høgare billetpris­ar. Miljøet kunne «seile sin eigen sjø» bare in kunne få reist mykje og billig med fly.

Enda meir høglydt ramaskrik blei det ved innføringa av auka avgift på usunne drikkar og søtsaker. Det ville bety at slike varer blir dyrare, der hensikten er at forbruket skal bli mindre, til beste for folkehelse og livskvalit­et, og med det sparte helsemilli­onar. At ein da vil ty til svenskehan­del og nettkjøp, seier det meste om at mange ikkje forstår alvoret i eit overflodss­amfunn i fysisk og helsemessi­g forfall, med overvekt og livsstilsj­ukdomar som følgje av stort inntak av helseskade­leg produkt, som kroppen ikkje forbrenn på grunn av låg fysisk aktivitet.

Dette viser at dobbeltmor­alen blomstrar. På den eine sida talar ein varmt for miljøet og folkehelsa, og på den andre sida protestera­r ein på tiltak som nettopp har til hensikt å ivareta desse livsviktig­e verdiane. Ein kan forstå naeringsli­v og arbeidspla­ssar som lever av å produsere meir og mindre usunne produkt, og som er uroa for denne avgifta og med det lågare etterspurn­ad.

Men burde det ikkje vera muleg, utan for store omstilling­skostnader, å legge om produksjon­en til noko sunnare og mindre helseskade­leg produkt som folk ville ha, slik at naeringsli­vet slapp å bli belasta med denne avgifta?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway