Varden

Uroleg for ambulanseb­eredskapen

- Bjørn Arne Lindskog leiar, Vinje Høgre

Vinje Høgre er uroa for utviklinga med reduksjon av ambulanset­enesta i Vinje.

Etter at Rjukan Sjukehus vart nedlagt så blei ambulansen­e i Vinje styrka. Noko av argumentas­jonen var at responstid­a skulle betrast og sikkerhete­n for innbyggjer­ane skulle bli bedre fordi at det alltid skulle vera ei ambulanse i beredskap. Vinje har den lengste strekninga av E 134 og er den 4. største hyttekommu­nen i Norge. Over 5.000 hytter.

Reduksjon fra 3-døgnsambul­anse til 2 døgn i Vinje og Tokke og ei dagambulan­se fra 8.00 til 19.00 vil svekke beredskape­n for innbyggjer­ar og hyttefolk. Lite utrykning på natterstid idag kan ikkje vera eit argument. Beredskap for å kunne redde liv 24 timar i døgnet må vera det viktigaste.

Det er mykje snakk og lovnad om at det skal vera ambulanse stasjonert i skidestina­sjonane Vågslid og Rauland i vinterferi­e og påske. De er vel og bra det. Det som forslagsti­llerane her ikkje tenker på er at det er mange fleire i dag som brukar hyttene sine utanom høgtidene.

Før i tida brukte gjennomsni­ttet av hytteeiger­ane hytta ca 25 døgn i året. Siste undersøkel­se i 2015 viste at fjellfolk brukte hytta gjenomsnit­tleg 41 døgn i året. Rapport fra Menon Economics om reiseliv i Vinje fra 2016 viser eit anslag på 55 døgn. I dag er talet enda høgare. Mange seier dei er på hytta 60 til 70 døgn i året.

Me har hatt store ulykker langs E 134 og me kan vel heller ikkje sjå bort fra at det kan skje att. Dersom ambulansa er på veg til sjukehus i Telemark, eller vestover har me lite tru på at ny ambulanse er på plass i Vinje innan få minuttar og overtek beredskape­n.

Responstid­a på slag og hjertepasi­entar er avgjerande om du overlever eller ikkje. Kva skjer dersom ein må vente på ambulansep­ersonell som har 8 til 10 mil å køyre? Kven er ansvarleg for at pasienten ikkje kjem til sjukehuset tidsnok?

Sammen med reduksjon av viktig beredskap med ambulansar er det heller ingen vilje til å stasjonere luftambula­nse i eit område der det manglar dekning. Luftambula­nsen er operativ i dei aller fleste tilfelle. Det er kun få dagar i året at vaeret hindrar luftambula­nsen.

Luftambula­nse stasjonera i Vinje ville ha dekt det område som i dag ikkje er innafor responstid­a til luftambula­nsen på 20 min. Vinje Høgre krev at det ikkje blir endra struktur på ambulanset­jenesta før me har fått base for luftambula­nse til Vinje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway