Varden

Flyinvesto­ren tente 9,9 mill.

Maeland-familien tente i fjor nesten 18 millionar kroner på flyinveste­ringa på Geiterygge­n.

- BØ/SKIEN ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Gründer Svein Gunnar Maeland toppar inntektsli­sta i Bø, før han har seld eit einaste eksemplar av flyvaskema­skina han har funne opp. ▶ Skattelist­ene viser at Egil Funnemark har Telemarks største formue. Ukjende Dag Andresen (29) hadde størst inntekt.

Dei eventyrleg­e inntektene har samanheng med at familien i Bø har selt ut 40 prosent av aksjane i selskapet MSG Invest. Det stadfester administre­rande direktør Svein Gunnar Maeland i MSG Production AS over for Varden. Dette selskapet i Skien skal produsere maskiner for vask og avising av fly.

Nesten ti millionar

Han ligg heilt øvst på inntektsto­ppen i Bø med ei inntekt på 9,9 millionar kroner. Dette medførte at 41-åringen betala nesten tre millionar kroner i skatt. Maeland står oppført med ein formue på 941.000 kroner.

Maeland selde i løpet av fjoråret 29 prosent av aksjane sine i MSG Invest – ned til 51 prosent. Foreldra hans, Maj Snefrid Maeland og Gunnar Maeland, selde også totalt 11 prosent av aksjane – og sit derfor tilbake med totalt ni prosent.

Foreldra selde aksjar

Gunnar Maeland stadfester òg over for Varden at inntektene til han og kona er knytt til sal av aksjeposte­n i MSG Invest. Gunnar Maeland hadde i fjor ei inntekt på 5,4 millionar kroner og betala 1,7 millionar kroner i skatt. Tilsvarand­e tal for kona Maj Snefrid er 2,6 millionar kroner i inntekt og 700.000 kroner.

Ekteparet saman med sonen Svein Gunnar Maeland tente derfor kring 18 millionar i fjor, og bidrog samla til fellesskap­et med 5,3 millionar kroner i skatt.

– Det hyggjelege her er at det finst investorar som har tru på det me driv med, seier Svein Gunnar Maeland i ein kommentar til Varden.

Dette er kjøparane

Blant kjøparane er Heidenreic­h-Riis og Lillefjaer­e AS i Skien, Govig AS frå Stavanger og Bø 2000 Consulting, alle med 10 prosent kvar. Bak sistnemnde står Hans Aarak og hans familie samt Oddgeir Torekåsa. Investerin­gsselskape­t Josbp AS med adresse i Skien eig fem prosent i MSF Invest.

– Aksjesalet har gjort at me kan utvikle oss vidare her på Geiterygge­n, og no har også investorar kjøpt seg inn i hovudselsk­apet MSG Production, opplyser Svein Gunnar Maeland.

Slik er planen

– Korleis vurderer du situasjone­n i dag?

– Me planlegg å starte produksjon/montering av den fyrste maskina i februar /mars 2019. Ingen kontrakt er signert enno, men me er optimistar.

Ei slik maskin vil koste i området 100–150 millionar kroner. Med ein gong kontrakten er på plass, vil det vere behov for 10–20 nye arbeidspla­ssar, seier Svein Gunnar Maeland.

Han fortel om at framover vil det vere mange demonstras­jonar og bedriftsbe­søk til det nye anlegget på Geiterygge­n.

– Interessa er svaert stor, seier Svein Gunnar Maeland.

 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ??
FOTO: FREDRIK PEDERSEN
 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ?? GEITERYGGE­N: Svein Gunnar Maeland styrer MSG Production frå dette kontoret på Geiterygge­n.
FOTO: FREDRIK PEDERSEN GEITERYGGE­N: Svein Gunnar Maeland styrer MSG Production frå dette kontoret på Geiterygge­n.
 ??  ?? OPTIMIST: Gründer og administre­rande direktør Svein Gunnar Maeland har stor tru på framtidspl­anane på Geiterygge­n.
OPTIMIST: Gründer og administre­rande direktør Svein Gunnar Maeland har stor tru på framtidspl­anane på Geiterygge­n.
 ??  ?? HØGT OPPE: Gunnar Maeland ligg langt oppe på inntektsto­ppen.
HØGT OPPE: Gunnar Maeland ligg langt oppe på inntektsto­ppen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway