Varden

Funnemark og Cappelen er rikast

-

Egil Funnemark og Carl Diderik Cappelen toppar formueslis­ta i Telemark.

Bilkongen Egil Funnemark (61) frå Porsgrunn tronar på topp med ei skattbar formue på 442,6 millionar kroner.

Det var i 2016 at eineeigar og dagleg leiar i Funnemark Eiendom AS, Egil Funnemark, passerte ein milliard kroner i omsetjing. Det gav eit overskot på 67,7 millionar kroner. Dei fusjonerte Toyota-forhandlar­ane i Funnemark-konsernet har levert gode resultat i mange år. For få år sidan valde Egil Funnemark å fusjonere forretning­ane inn under eit eigarselsk­ap og eit driftssels­kap.

I fjor hadde han 14,7 millionar kroner i skattbar inntekt og betalte over åtte millionar kroner i skatt.

Formuen til Funnemark er 177 millionar høgare enn Carl Diderik Cappelen på Ulefoss, mannen som har Ulefos Jernvaerk, Holla Gård, skogar og kraftverk. Formuen hans er sett til 265 millionar kroner.

Cappelen hadde null i inntekt i fjor, og betalte vel to millionar kroner i skatt, går det fram av skattelist­ene.

Arne Skogheim (69) frå Edland og Vinje er tredje rikast i Telemark med ei skattbar formue på meir enn 259 millionar kroner. Han var med å starte AF-gruppen for 33 år sidan.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway