Varden

I Telemark

- Halvor.ulvenes@varden.no

Skogheim gjekk inn med ein aksjekapit­al på 45.000 kroner, og har sidan vore med på fleire kapitalutv­idingar i selskapet. Utviklinga har vore eventyrleg for vinbyggjen som pensjonert­e seg for nokre år sidan. Han kjøpte eigedomen Gugarden heime i Edland av ein slektning. Skogheim tente i fjor 10,5 millionar og betala kring halvparten av dette i skatt.

Gjert Romnes (59), som er eineeigar av firmaet Romnes AS i Rødmyrlia i Skien, kan også smile heile vegen til banken. Formuen er no på 224 millionar kroner. Han er oppført med 10,7 millionar i inntekt og 5,1 millionar kroner i skatt. Romnes AS, som driv med handel av bildelar, omsette i fjor for 301 millionar kroner. Selskapet fekk eit overskot på vel 22 millionar kroner før skatt. Aksjonaere­n tok ikkje ut ei krone i utbytte frå dette selskapet.

Topplista er elles prega av kjende fjes. Ringreven Emil Aubert, som fyller 89 år i januar, er oppført med ein formue på 183 millionar kroner. Han har lagt stein på stein i det mektige Holta-dynastiet. I fjor blei inntekta på fire millionar kroner og Aubert betala over 2,8 millionar kroner i skatt. Den medieskye industrima­nnen Børre Nordheim-Larsen (63) har ein skattbar formue på 181,8 millionar kroner.

▶ Halvor Ulvenes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway