Varden

Konkurs etter seks månader

Cafe 28 på Bøsenteret blei slege konkurs tysdag.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Kafeen opna i starten av mai i år, og berre eit halvt år er konkursen eit faktum.

– Det har vore bra med folk, men det nyttar ikkje når gjestene berre kjøper ein kaffikopp og eit kakestykke. Me var på to jobb og omsetninga blir for liten. Det nytta ikkje å få det til å gå rundt økonomisk, seier Anne Nyheim Buverud som er oppført som einaste aksjonaer i kafeen. Eigaren ønskjer ikkje å uttale om den økonomiske situasjone­n og samla gjeld i firmaet sitt.

Nyheim Buverud uttala ved opninga i mai i år at ho hadde lyst til å starte kafe ei stund, og melde seg da ho fekk sjansen på Bøsenteret. Ho satsar der på å lage ein enkel og heimekosel­eg kafe.

Anne Nyheim Buverud sende firmaet sitt til skifterett­en på måndag, og tysdag vart konkursen offentlegg­jort i Brønnøy sundregist­ra.

Advokat Wenche M. Kåsa i Bø er oppnemnd som styrar av konkursbue­t. Ho var ikkje tilgjengel­eg for kommentar da Varden tok kontakt tysdag ettermidda­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway