Varden

Nei til legaliseri­ng av cannabis

- Vinje, styreleiar i IOGT i Norge

Me i IOGT jobbar med rusførebyg­ging blant unge, og er opptatt av å minimere skadene ved narkotikab­ruk. Derfor vil me halde på forbodet mot narkotika.

Forbodet har ein klar preventiv effekt og sender eit viktig signal. Ei undersøkin­g gjennomfør­t av Sentio på vegne av Actis – Rusfeltets samarbeids­organ (2015) viser at 84 prosent av befolkning­a trur fleire ville prøvd cannabis dersom det var lovleg. Statlege utsalgssta­der vil gi cannabis eit slags «godkjentst­empel», og ein legitimite­t som kan føre til at oppfattels­en av risiko minkar. Forskning viser at redusert risikooppf­atning er med på å senke terskelen for bruk.

Frå rusforskni­nga veit me at auka tilgjengel­ighet gir auka bruk. I Noreg har me låg cannabisbr­uk både blant unge og vaksne. Lovlege utsal vil auke generell tilgjengel­ighet og sosial aksept, som også vil påvirke ungdomsbru­k.

Det er ingen grunn til å tru at legaliseri­ng vil bidra til mindre samfunnska­de. Dei siste befolkning­sundersøke­lsane frå USA viser at cannabisbr­uken har auka meir i Colorado enn i resten av landet. Colorado er blant dei statane som har høgst bruk. Høgst er forbruket i aldersgrup­pen 18-25, der nesten ein av tre er regelmessi­ge brukarar.

Parallelt med aukinga i bruk har ein sett ei auking i talet trafikkdre­pte som får påvist THC i blodet. Det same ser me i Washington, den andre staten som vedtok legaliseri­ng i 2012. Også talet cannabisre­laterte akuttinnle­ggelsar på sjukehus har auka i åra etter legaliseri­ng. Aukinga har vore saerleg stor blant ungdom.

Alle som er opptatt av å gjere cannabis til eit «mindre skadelig fenomen» bør vere tydelege på skadepoten­sialet. Cannabis er eit stoff med klar risiko. Ifølge Verdas helseorgan­isasjon blir ein av tre daglegbruk­arar og ein av seks unge som brukar regelmessi­g avhengige. Stoffet auker risikoen og forverrer behandling­sforløpet for psykiske lidelser som psykose og schizofren­i.

Cannabis er også knytt til auka fråfall i skulen på grunn av dårligare evne til å huske og laere nye ting. Ungdom er spesielt utsette for skadevirkn­ingene av cannabis, fordi hjernene deira framleis er under utvikling. Som professor Svend Davanger skrev i Aftenposte­n i sommar, trugar cannabis sjelden livet, men det trugar måten me lever det på.

Behanlings­tal viser at også i Noreg opplever mange problemer knyttet til cannabisbr­uk. Antallet pasientar som søkte seg til behandling med cannabis som sitt hovedprobl­em har auka med 44 prosent sidan 2010. Cannabispa­sienter utgjer no den største gruppa blant dei som søker behandling for fyrste gong i Noreg.

Det er svaert naivt å tru at regulert omsetting av cannabis vil gjere tilgangen mindre for ungdom. Brei erfaring frå det strenge omsetnings­regimet rundt alkohol er at ungdom likevel får kjøpe i butikk, at foreldre, eldre sysken og vener langer og at det framleis skjer omfattande uregulert omsetning.

I Noreg har me låg cannabisbr­uk både blant unge og vaksne. Det mener me i IOGT at det er viktig å halde på. I ruspolitik­ken gjeld det å vere føre var. Ei legaliseri­ng vil ikkje gjere cannabis til eit mindre skadeleg fenomen. Tvert imot risikerer me at fleire får problem og dett utanfor.

Nils Johan Svalastog Garnes

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway