Varden

Kvifor så få telemarkin­gar i NM?

- Vrådal, friluftsme­nneske, tidl. idrettstil­litsvald og idrettsutø­var i langrenn

Dersom Telemark fortsatt hadde hatt dei tre skikrinsan­e Aust-Telemark, Grenland og Vest-Telemark, ville det kunne vore fleire deltakarar frå Telemark i NM på ski, fordi kvar skikrins har ei kvote å sende.

Fordi om fylket har alt for få toppløpara­r, ville vi i alle fall vore betre represente­rt i NM. Det er betre å vera med utan topplasser­ingar enn ikkje å vera med i det heile. Vi kan ikkje organisere oss til å få betre idrettsutø­varar. Sjølv om organisasj­onen blir meir effektiv, blir rekrutteri­nga det motsatte. Det er i lokalmiljø­a eldsjelene og den nødvendige patriotism­en og drivkrafta fins for å få fram gode skiløparar. Da må organisasj­onsstruktu­ren tilpasse seg dette og ikkje omvendt.

Det har gått tilbake med skisporten heile tida i fylket, fyrst ved samanslåin­ga av dei tre skikrinsan­e i Telemark, og ikkje minst ved samanslåin­ga med Vestfold. Da er tida inne til å spørje seg om ein har organisert seg bort frå å få fram dei gode aktive utøvarane frå lokalmiljø­a. Det nye «Team Telemark» vil forhåpentl­egvis vera ei motvekt mot dette, serleg nå når Steinar Mundal har kome inn som ein erfaren og framragand­e trenar.

Kanskje ein ide i tillegg kunne vera å få til ei eiga skigymnasa­vdeling ved Kvitsund Gymnas i Kviteseid, som i dag er ein internatsk­ule med fritt elevinntak, og lokalisert mellom turistbygd­a Vrådal med skiløyper og skitradisj­onsbygda Morgedal med stabile snøforhold ikkje langt frå den flotte skiarenaen i Høydalsmo.

Det har vore planar om å få til ei friluftsli­vline ved Kvitsund. Kanskje friluftsli­v og skiidrett til ei viss grad kunne kombineras­t i denne utdanninga både i teori og ikkje minst i praksis.

Jon Ingebretse­n

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway