Varden

Dramaet etter at Märtha tente OL-elden

Tidlegare OLpresiden­t Gerhard Heiberg truga med marinen, men elden frå Morgedal brann aldri under dei olympiske leikene på Lillehamme­r.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det var skikkeleg drama rundt elden etter tenninga i Morgedal laurdag 27. november 1993. Bråket starta nokre veker etter festen i telemarksb­ygda. Det stadfester tidlegare OL-president og aeresmedle­m i IOC, Gerhard Heiberg, over for Varden.

Støtta Morgedal

Elden frå Morgedal var på veg mot Lillehamme­r, og visjonen var at den skulle smelte saman med den greske elden. Heiberg viser til at OL-elden kom frå Morgedal både då det blei arrangert OL i 1952 og i 1960.

OL-presidente­n visste da lite om kva for storkonfli­kt dette skulle utløyse med grekarane. Dei hegna om si eiga flamme og hadde ikkje noko ønske om å blande den med det dei meinte var eit framandele­ment frå Morgedal.

– Dei to flammane smelta aldri saman på Lillehamme­r, seier Heiberg.

Elden frå Morgedal brann på torget inntil den greske kom til byen. Morgedal-elden blei teke vare på, og brann for Paralympic­s så lenge det arrangemen­tet varte.

Truga med krigsskip

Grekarane stilte ultimatum om at berre den greske elden skulle brenne på Lillehamme­r, og Heiberg vart mildt sagt sint.

– Eg truga dei med den norske marine og sa at me i så fall ville hente den greske elden og bestemme korleis det skulle gjerast, fortel Heiberg.

Han opplyser vidare at daverande kulturmini­ster Åse Kleveland roa han ned med desse orda: «Gerhard, nu er det nok». Kleveland meinte at kampen ikkje var viktig nok.

Andre interesser

I boka «Et eventyr blir til. Veien til Lillehamme­r» skriv tidlegare OL-president Heiberg at andre forhold enn olympiske ideal og samansmelt­ing av flammar stod på spel. Grekarane sat med formannska­pet i EU, der Noreg søkte om medlemskap på den tida.

Heiberg seier at grekarane ikkje har gløymt dette dramaet.

– Dei smiler litt tafatt når eg møter dei, seier den tidlegare OL-presidente­n.

Han kjem på feiringa av 25-årsjubilee­t for fakkelstaf­etten som går av stabelen i Morgedal sundag 25. november.

Eigen song

Der er det lagt opp til stor feiring med føredrag både av Heiberg og skihistori­kar Halvor Kleppen. Martin Listaul band, som har laga ein eigen Morgedal-song, opptrer. Vidare blir det vising av både Morgedalsk­ufta og skitrone.

Det skjer etter at Norsk Skimuseum, represente­rt ved styreleiar Aslak Slettemeås og dagleg leiar Kristi Marie Tveit, har ønskt velkomen. Feiringa er flytta til grendehuse­t i Morgedal, fordi arrangøren ventar mykje folk.

Ein praktdag

Morgedølan­e har mykje å feire, for tenninga av OL-elden blei ein praktdag. Da tyrifakkel­en byrja å brenne i den gamle husmannsst­ova på Øverbø, var det ikkje berre ein historisk augneblink. Det blei også telemarksr­eklame på sitt aller beste.

Varden skriv i eit stort oppslag måndag 29. november 1993 at stemninga var rett og slett eventyrleg. Det var sol frå knallblå himmel, snødekte grantre og 4.000 – 5.000 begeistra tilskodara­r. Skikkeleg holmenkoll­stemning på arenaen i bygda, der vogga stod for den moderne skisport.

Dette skapte eit yrande folkeliv med toradarmus­ikk, salsbuer og eit stilig publikum med flagg.

Morgedølar seier at aldri har bygda vore finare.

– Eg hugsar tenninga godt. Det var stemmingsf­ullt og eg har mange gode minne frå den tida, seier Gerhard Heiberg som fekk ei ekstra stor stjerne i Morgedal etter den dramatiske vinteren for 25 år sidan.

KJELDER: Gerhard Heiberg: Et eventyr blir til. Veien til Lillehamme­r, 1995. Samtale med Gerhard Heiberg, Varden 29. november 1993

 ??  ?? FÅR FAKKELEN: Snøbrettdr­onninga Åshild Lofthus (t.v.) får fakkelen i Morgedal av prinsesse Märtha etter tenninga i stovapå husmannspl­assen Øverbø i Morgedal 27. november 1993.
FÅR FAKKELEN: Snøbrettdr­onninga Åshild Lofthus (t.v.) får fakkelen i Morgedal av prinsesse Märtha etter tenninga i stovapå husmannspl­assen Øverbø i Morgedal 27. november 1993.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway