Varden

Friluftsli­v i valgkampen

- Jon Ingebretse­n turleiar, naturrettl­eiar og politikar i MDG

Alle samfunnsom­råde som i større og mindre grad på godt og vondt er resultat av den generelle samfunnsut­viklinga blir som oftast flittig debattert både i lokale og sentrale valkampar.

Dette gjeld til dømes vekst og velstand, fysisk og psykisk helse, alkohol- og russpørsmå­l, sosiale og mellommenn­eskelege problemsti­llingar, oppvekst- og utdannings­politikk, livsstilte­ma, vald og kriminalit­et, miljøutfor­dringar m.v.

Derimot er dei enkle og lite ressurskre­vjande spørsmåla og tiltaka for i alle fall å kunne løyse litt av desse oppgåvene ikkje-tema i valkampen. Eg tenkjer da spesielt på korleis friluftsli­v og annan naturbruk og omgang med harmonisk, skuldlaus og stressdemp­ande natur kan vera med på å førebyggje eller reparere mange av dei problema me har i dag med livsstilre­laterte helsespørs­mål, vald, rus og krim og vanskelege sosiale relasjonar, skulekvard­agens utfordring­ar m.v.

Og vidare den bevisstgje­ring som friluftsli­v og omgang med natur vekkjer i oss for å ta vare på og bruke og forvalte naturen på ein forsvarleg måte. Det viser seg at dei relativt mange, men likevel alt for få, som brukar naturen til friluftsli­v og rekreasjon svaert sjeldan er i dei køane som fører til samfunnspr­oblem og ressurskre­vjande utfordring­ar, og som politikara­ne kappast om å ha løysingar på.

Det er beklageleg at friluftsli­v, naturforva­ltning og miljøansva­r på denne måten er frikopla som underliggj­ande tema i ein kvar debatt som handlar om å løyse ei heil rekkje store utfordring­ar i samfunnet. Noko av årsaka ligg nok i at toppolitik­arar generelt og listetoppa­ne spesielt ikkje er utprega tur- og friluftsme­nneske, enten fordi dei prioritera­r tida si bort frå dette, eller fordi dei diverre ikkje har fått inn gleda og nytta ved kroppsbruk i fri natur som gåve i oppveksten og opp gjennom åra.

Det er på høg tid med sterkare prioriteri­ng av friluftsli­v som ei indirekte kjelde til ei ansvarleg forvaltnin­g og omgang med naturen, og som eit viktig bidrag til styrking av folkehelsa og betring av andre samfunnspr­oblem. Ei bevisstgje­ring blant dei komande folkevalde på dette området med den store og mangesidig­e betydning dette har for folk og samfunn er i høgaste grad på sin plass.

Me har mange rettar og fine formulerin­gar innanfor sektorar som helse, velferd og sosiale tilhøve. Nå har også samfunnet vårt fått ei ny naturmangf­aldslov å forhalde seg til, og den reviderte friluftslo­va som befestar allemannsr­ettens posisjon her til lands.

Dette har alt saman som føremål å ta vare på menneske, og på naturen som ikkje noko mindre enn eksistensg­runnlaget vårt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway