Varden

Vintersten­gjer skieventyr­et

Norsk Skieventyr stengjer dørene frå 1. januar til 1. mai.

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Det opplyser dagleg leiar Kristi Marie Tveit til Varden.

Beklagar

– Eg beklagar stenginga. Det er veldig tregeleg at eit slikt turistmål held stengt om vinteren, seier styreleiar i Norsk Skieventyr, Aslak Slettemeås, til Varden.

Det er Vest-Telemark Museum som driftar skimuseet i Morgedal, og som har vedteke at destinasjo­nen ikkje lenger skal ha ope heile året.

Styreleiar i Vest-Telemark Museum, Lars Bjaadal, seier til Varden at dessverre har museet minst besøk om vinteren.

– No er det også slik at me opnar for grupper som vil kome til vinteren. Da er det berre ein telefon, og museet opnar dørene, seier Bjaadal.

Økonomiske grunnar

Han forklarar stenginga med økonomiske årsaker.

– Det er store utgifter knytt til huset. No går det 700.000 til å restaurere taket. Det er også slik at det totale besøket har gått ned ved å ha ope heile året. Dessverre er det faerre som tek turen til Morgedal og kafeteriae­n går med underskot, seier Lars Bjaadal.

– Vil stenginga om vinteren bli permanent framover?

– Ikkje noko vil gle meg meir enn at me kan halde ope, seier Lars Bjaadal.

Styreleiar­en seier at han forstår misnøya i Morgedal, og at museet - med sine arbeidspla­ssar - er viktig for bygda.

Norsk Skieventyr vart offisielt opna fredag 26. november 1993. Det var dagen før prinsesse Märtha tente OL-fakkelen i stova på husmannspl­assen Øverbø i Morgedal - fødestaden til Sondre Norheim.

Dette er besøket

Aslak Slettemeås fortel at besøket i åra etterpå har lege på kring 25.000. Dette betyr at meir enn 600.000 personar har vore innom Norsk Skieventyr i løpet av desse åra.

Variert utstilling

På museet kan du laere om norsk ski- og polarhisto­rie gjennom ei multimedia-reise som startar 4 000 år tilbake, og endar med dagens utøvarar i snøbrett og twintip.

Museet byr på glimt frå Morgedal i 1850-åra, generell skihistori­e og historia om Sondre Norheim.

Vidare fortel utstilling­ane om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfab­rikk og soga om den olympiske elden.

Slik er resultatet

Stiftinga Vest-Telemark Museum, som driftar Norsk Skieeventy­r, hadde i fjor driftsinnt­ekter på 18,9 millionar kroner og eit overskot før skatt på 1,1 million kroner, går det fram av den innsende rekneskape­n til Brønnøysun­d.

 ??  ?? KRITISKE: Styreleiar Aslak Slettemeås og dagleg leiar Kristi Marie Tveit er kritiske til stenginga.
KRITISKE: Styreleiar Aslak Slettemeås og dagleg leiar Kristi Marie Tveit er kritiske til stenginga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway