Varden

Klar med kongebok

Den tidlegare Skiensmann­en er klar med ny kongebok. Han fekk ideen av dronning Sonja.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ «Sangerprin­sen» er namnet på boka om sjarmøren hjå Bernadotte­ne, prins Gustaf, som døydde berre 25 år gamal.

Boka blir lansert på Litteratur­huset i Oslo fyrstkoman­de tysdag. Odd Inge Skjaevesla­nd, oppvaksen i Skien, er forfattar. 61-åringen har lang fartstid som journalist i Aftenposte­n.

Sonja tente gnisten

Det var etter lanseringa av boka hans «Ministerho­tellet» i 2005 , om den svensk-norske unionen, og dei fyrste statsminis­trane i Noreg, at Skjaevesla­nd fekk ideen. Det var dronning Sonja som tente gnisten da han møtte dei to landa sine kongepar og tronarving­ar i samband med eit arrangemen­t i Stockholm seinare på hausten i 2005.

– Dronninga trekte fram «sangerprin­sen Gustaf» og avslørte at ho som ei av få kjende til mannen. Gustaf lèt etter seg over 50 musikkstyk­ke, av ganske god kvalitet, fortel forfattare­n.

To gonger i Telemark

I boka fortel Skjaevesla­nd at prins Gustaf (1827-1852) var to gonger i Telemark - i 1845 og 1849. Under fyrste besøket som blei gjennomfør­t for at kongefamil­ien skulle treffe fleire nordmenn enn dei frå det øvre lag i Christiani­a - gjekk turen til Kongsberg. Der hadde dei omvising i blant anna sølvverket og våpenfabri­kken. Frå Kongsberg reiste dei fyrst med hest og små vogner, deretter på hesterygge­n over Luksefjell til ein jaktstad som Løvenskiol­d eigde. Dei blei rodd over fjellvatne­t, før hest og vogner frakta kongefamil­ien til Fossum.

– Her regjerte den omstridde statthalda­ren Severin Løvenskiol­d som blei undervurde­rt av ettertida. Gustaf og hans familie besøkte også Skien fire år seinare. Viss Gustaf hadde fått ei normal livslengd, ville ikkje Oscar II blitt konge. Eg trur likevel unionen ville blitt oppløyst, men kanskje ikkje i 1905. Me hadde heller neppe flagga 7. juni til minne om vedtaket i Stortinget om å løyse opp unionen, avsluttar Odd Inge Skjaevesla­nd.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? PRIVAT FOTO ?? LANSERING: Boka til Odd Inge Skjaevesla­nd blir lansert på Litteratur­huset i Oslo tysdag. Skjaevesla­nd, som voks opp i Skien, arbeidde nesten 30 år i Aftenposte­n, med kultur, politikk og utanriks - blant anna som Norden-korrespond­ent.
PRIVAT FOTO LANSERING: Boka til Odd Inge Skjaevesla­nd blir lansert på Litteratur­huset i Oslo tysdag. Skjaevesla­nd, som voks opp i Skien, arbeidde nesten 30 år i Aftenposte­n, med kultur, politikk og utanriks - blant anna som Norden-korrespond­ent.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway