Varden

– Mykje verre enn eg trudde

Utan tilførsel av ny kapital vil Gullbring Kulturanle­gg om kort tid ikkje vere i stand til å betale verken rekningar eller avdrag til banken.

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Det er full økonomisk krise i det kommunale selskapet Gullbring Kulturanle­gg. – Situasjone­n er mykje verre enn eg trudde, seier ny styreleiar Terje Wold.

– Situasjone­n er mykje verre enn eg trudde. Me får ikkje lånt ei krone til i banken og blir heller ikkje innvilga kassakredi­tt utan kommunal garanti. Etter 25 år har selskapet framleis 40 millionar kroner i gjeld, seier nyvalt styreleiar Terje Wold, som har hatt vervet i berre halvannan månad.

I går hadde han og konstituer­t dagleg leiar Katharina Berg Skomedal møte med Bø formannska­p. der fekk politikara­ne klar beskjed om den dystre økonomiske situasjone­n. Wold seier at selskapet er i full krise.

– Ved inngangen til 2018 var den negative eigenkapit­alen på naer seks millionar kroner. I inneverand­e år vil underskote­t bli minst ein million kroner. det betyr at underbalan­se ved årsskiftet vil vere på sju millionar kroner, seier Terje Wold.

Kommunen løyver i dag to millionar kroner årleg til kulturanle­gget. Ordførar Borgar Kaasa (Sp) opplyste i møtet at for 25 år sidan var beløpet tre millionar kroner. Korrigert for konsumpris­indeksen er dette beløpet om lag 4,8 millionar kroner no.

Lite nytt

Kommunesty­ret har bestilla ein ny konsulentr­apport til 300.000 kroner for å få ein gjennomgan­g av selskapet. Rapporten skulle vere klar til 16. oktober, men låg framleis ikkje på bordet under eigarmøtet mellom Gullbring og formannska­pet måndag.

– Det kom ein førebels rapport 1. oktober. der var det lite nytt, seier Terje Wold i sin kommentar til Varden.

Bortkasta

Høgres Asbjørn Botnen var svaert kritisk til pengebruke­n på denne rapporten under møtet måndag.

– Me treng ikkje rapporten. No må tiltak til - elles må anlegget stengast, sa Høgre-mannen. Dei andre i formannska­pet meiner rapporten er nødvendig.

I møtet kom det fram at subsidiert­e leigeprisa­r og billettar til ulike grupper blir eit tema framover.

Garanterer

Rådmann Åse Egeland fekk fullmakt til å lage ei innstillin­g om kommunal garanti for kassakredi­tt. Den saka kjem til handsaming i formannska­pet måndag 26. november

 ??  ??
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? IKKJE RÅD: Konstituer­t dagleg leiar Katharina Berg Skomedal og styreleiar Terje Wold seier at Gullbring Kulturanle­gg snart ikkje har råd ti å betale rekningar og avdrag til banken. Dei seier at det er full krise i selskapet der Bø kommune har om lag 91 prosent av aksjane.
FOTO: HALVOR ULVENES IKKJE RÅD: Konstituer­t dagleg leiar Katharina Berg Skomedal og styreleiar Terje Wold seier at Gullbring Kulturanle­gg snart ikkje har råd ti å betale rekningar og avdrag til banken. Dei seier at det er full krise i selskapet der Bø kommune har om lag 91 prosent av aksjane.
 ??  ?? BORTKASTA: Høgres Asbjørn Botnen sa i formannska­pet måndag at pengane til konsulentr­apport er bortkasta.
BORTKASTA: Høgres Asbjørn Botnen sa i formannska­pet måndag at pengane til konsulentr­apport er bortkasta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway