Varden

Mållag med nytt skrift

Nissedal mållag er ute med eit nytt årsskrift med svaert variert innhald.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no NISSEDAL

Boka inneheld både glimt frå kvardagsli­vet og tragediar. Årets utgåve er nr. 14 i rekka, og kjem i eit opplag på 500 eksemplar.

Flykollisj­onen

Ein av artiklane i år omhandlar flytragedi­en ved Onstad den 15. mars 1974 da kaptein Elling Weme Nilsen (30) frå Halden omkom. To fly frå Rygge flystasjon kolliderte.

Den 26 år gamle løytnanten Tor Saeter frå Bergen klarte å skyte seg. Major og presseoffi­ser Gunnar Gulbrandse­n fortalde til avisene at det ikkje var fyrste gongen dei to flygarane var på øvingstur saman. I boka, ført i pennen av Tor Valle, er det sitert fleire augevitne som såg det som skjedde denne gongen. Desse er henta frå avisoppsla­ga etter ulykka.

Eitt av fleire hyggjelege innslag i boka er artikkelen frå Anne Margrethe Espelid. Ho fortel om at «Topptur Nissedal» har fått sin eigen genser. Toppturane er eit samarbeids­prosjekt mellom kommunen ved folkehelse­og frisklivgr­uppa, Nissedal frivilligs­entral samt lokale idrettslag og turgrupper.

Skriftet har elles ei rad artiklar, og er på totalt over 163 sider.

Heile kommunen

I føreordet frå skriftstyr­et heiter det at ein har hatt som mål å få med minne og hendingar frå alle delar av Nissedal kommune.

– I ein liten kommune er det mykje som bind oss saman i fortid og notid. Ikkje minst har me godt av å bli minte om at me ikkje skal så svaert langt attende for å møte slit og sveitte og harde tak i lange arbeidsdag­ar både for kvinner og menn, skriv skriftstyr­et.

Mange foto

– Også i år er det gledeleg å få syne fram mykje godt frå kulturlive­t i kommunen vår: gamle fotografi, nyare foto, skriving i poesi og prosa, idrettsliv og kyrkjeliv og mannekenga­r i flunkande nye «toppturgen­serar», ifølgje skriftstyr­et i Nissedal mållag.

 ?? FOTO FRÅ BOKA ?? PLØYING: Gardsarbei­d på Bujordet. Tore Skåli køyrer og Olav Løyte styrer plogen. Motivet er frå kring 1935.
FOTO FRÅ BOKA PLØYING: Gardsarbei­d på Bujordet. Tore Skåli køyrer og Olav Løyte styrer plogen. Motivet er frå kring 1935.
 ??  ?? OMSLAGET: Omslaget til skriftet frå Nissedal mållag.
OMSLAGET: Omslaget til skriftet frå Nissedal mållag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway