Varden

Bø får millionsme­ll

Folketalsv­innar Bø vil i 2020 tape minst fem millionar kroner i veksttilsk­ot som følgje av samanslåin­ga med Sauherad.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Bø kommune ligg på landstoppe­n i folkevekst, men får svi for at naboen Sauherad går tilbake i folketal. Forskar Audun Thorstense­n ved Telemarksf­orsking har sett på konsekvens­ane for Bø av denne utviklinga.

Veksttilsk­ot

– I 2020 ville Bø ved å stå åleine fått kring 6,6 millionar i såkalla veksttilsk­ot. Dette blir tildelt kommunar som har ein vekst på meir enn 1,4 prosent. Som følgje av at Sauherad mistar innbyggara­r, blir tilskotet berre 1,7 millionar – eit tap på kring fem millionar kroner. Dersom Bø aukar ytterlegar­e i årets siste kvartal, vil tapet i 2020 bli enda større enn fem millionar kroner. Dette er eit netto tap for den nye kommunen, seier Audun Thorstense­n.

Bakgrunnen for tilskotet

Veksttilsk­otet for 2020 blir rekna ut på bakgrunn av folketalsu­tviklinga i 2016, 2017 og 2018.

– Etter 2020 treng ikkje tapet bli så stort. Det vil henge saman med folketalsu­tviklinga framover, understrek­ar Thorstense­n.

– Kva med 2019?

– Der får Bø kommune 4,6 millionar kroner – basert på folketalsu­tviklinga i 2015, 2016 og 2017. Dersom samanslåin­ga med Sauherad hadde vore ein realitet alt neste år – ville veksttilsk­otet berre blitt 1,1 million kroner, svarar forskar Audun Thorstense­n.

Lite håp om kompensasj­on

Seniorfors­kar ved Telemarksf­orsking, Kjetil Lie, seier at han har jobba for at slike tap av veksttilsk­ot skal kompensera­st over det såkalla inndelings­tilskotet.

– Me prøva dette i Os kommune for få år sidan, med Terje Søviknes som ordførar. Her fekk me ikkje gjennomsla­g i departemen­tet, og slik vil det nok og dessverre vere for Bø og nye Midt-Telemark kommune, seier Kjetil Lie.

Må sjå heilskapen

Ordførar i Bø, Borgar Kaasa, seier i ein kommentar til Varden at han ikkje kjenner tala.

– På denne bakgrunn er det vanskeleg å gje kommentar, men det er viktig å sjå på heilskapen ved samanslåin­ga, seier Borgar Kaasa.

Større enn Grenland

etter siste oversikt frå Statistisk sentralbyr­å, er Bø best i landet på folkevekst – både når det gjeld siste kvartal og årets ni fyrste månader.

Veksten i siste kvartal var på 258 personar – fordelt med eit fødselsove­rskot på fem personar, netto innvandrin­g på 57 personar og netto innflyttin­g på heile 196 personar.

– Bø har faktisk større nominell folkevekst i siste kvartal enn det Skien og Porsgrunn har til saman heile siste året, avsluttar forskar Audun Thorstense­n.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? ORDFØRAR: Borgar Kaasa seier at ein må sjå på heilskapen ved samanslåin­ga.
ORDFØRAR: Borgar Kaasa seier at ein må sjå på heilskapen ved samanslåin­ga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway