Varden

«Null tillit til Irmat»

– Irmat har null tillit blant innbyggjar­ane. Det er bodskapen frå Asbjørn Botnen (H) og Glenn Isaksen (Ap).

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Dei kom båe med saftig kritikk av Irmat i Bø formannska­p måndag. Politikara­ne der hadde måndag eigarmøte med styreleiar i Irmat, Helge Granlund. I den opne delen av møtet peika fleire politikara­r på at det er viktig å byggje tillit, før dei stengde møtet i ein halv time for å snakke om «personsens­itive forhold».

Dyr leigeavtal­e

Asbjørn Botnen sa at selskapet Irmat har null tillit ute i bygda, og Isaksen støtta dette. Som kjend inngjekk Irmat ei leigeavtal­e for ny avfallssta­sjon på Gvarv. Leiga var 15 gonger høgare enn ei privat avtale i området. Leiga, som skapte mykje kritikk både i og utanfor det politiske systemet, er no redusert frå 910.000 til 670.000 kroner i året.

Vil ta mange år

– Selskapet har eit vanvitig problem med tilliten. Det som selskapet har rive ned, vil det ta fleire år å byggje opp. Alle prosessar må stoppast inntil granskinga er klar, seier Glenn Isaksen i ein kommentar til Varden etter møtet var over.

– Det er vond lukt av heile Irmat-saka. Den dreier seg om lommeboka til innbyggjar­ane, sa Ap-representa­nten som regelrett «grilla» Helge Granlund om ulike forhold i selskapet.

Opptek mange

Høgres Asbjørn Botnen peika på at saka opptek veldig mange av innbyggjar­ane.

– «Hemmelege ting» styrkar ikkje tilliten. Eigentleg skulle kommunen trekt seg ut av heile prosjektet. Det har skjedd forhold som er veldig uheldig for selskapet. Du som styreleiar kan ikkje ha det godt. Sjølv ville eg gått av. Det er ikkje mykje tillit til Irmat. Det eg seier no er folkemeini­nga, sa Botnen da han vende seg til Helge Granlund.

Botnen karakteris­erte også utskifting­a av partifelle Wenche Akkerhauge­n i styret som eit kupp. Han stilte spørsmål ved kva som skal til for å skape ro i selskapet.

Går vidare

Styreleiar Helge Granlund orienterte både om si eiga rolle, historia og framtida.

– Miljøstasj­onen på Gvarv blir bygd. Behovet er der, sa Helge Granlund til politikara­ne.

Granlund seier til Varden at det blei eit greitt møte.

– Ut over dette ønskjer eg ikkje å gje nokon kommentar, seier styreleiar i Irmat, Helge Granlund.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? MÅ STOPPE: – Irmat må stoppe prosessen på Gvarv inntil granskinga er ferdig, seier formannska­psmedlem for Bø Ap, Glenn Isaksen.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES MÅ STOPPE: – Irmat må stoppe prosessen på Gvarv inntil granskinga er ferdig, seier formannska­psmedlem for Bø Ap, Glenn Isaksen.
 ??  ?? EIGARMØTE: Rådmann Åse Egeland og styreleiar Helge Granlund i prat etter eigarmøtet i Bø måndag.
EIGARMØTE: Rådmann Åse Egeland og styreleiar Helge Granlund i prat etter eigarmøtet i Bø måndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway