Varden

– Gullbring er ei bombe

Kriseramma Gullbring Kulturanle­gg får kommunal garanti for kassakredi­tt på 1,5 millionar kroner. Politikara­ne utsette andre tiltak til over nyttår.

- Halvor Ulvenes ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Føresetnad­en for vedtaket, er at Fylkesmann­en i Telemark godkjenner den kommunale garantien. Saka blei handsama etter den såkalla hasteparag­rafen.

Som fortalt i fleire oppslag i Varden sist veke, er kulturanle­gget så blakk at dei snart ikkje vil vere i stand til å betale rekningar og avdrag på lån. Det kommunale selskapet får ikkje låne ei krone i banken utan garanti.

–Gullbring er ei udetonert bombe. Med garantien i dag aukar gjelda og situasjone­n blir ytterlegar­e forverra, sa Asbjørn Botnen (H) da formannska­pet handsama saka måndag. Botnen meiner selskapet vil gå rett vest viss det ikkje skjer noko.

Snart 25 år

Bø kommune har eit totalt garantians­var på 95,4 millionar kroner, og av dette er 25,4 millionar kroner knytt til tre lån til Gullbring Kulturanle­gg. Det går fram av utgreiinga til rådmann Åse Egeland.

Det økonomiske forholdet mellom Bø kommune og Gullbring Kulturanle­gg vart regulert av ei avtale frå 1994. Det var dette året storstova i Bø vart offisielt opna. Dei tinglyste avtalene blei reforhandl­a i 2014.

Slik er husleiga

Den nye avtala seier at kommunen betalar 3,6 millionar kroner i husleige pluss moms for inneverand­e år. I tillegg er det regulert tilskot til allmenne føremål på 750.000 kroner. I år får dessutan Gullbring eit ekstra tilskot på 1,25 millionar kroner, for blant anna å dekkje delar av utgiftene til det auka låneopptak­et på ti millionar kroner.

Det faste, årlege tilskotet frå Bø kommune er på to millionar kroner. Gullbring Kulturanle­gg hadde ved inngangen til 2018 ei samla gjeld på 45,4 millionar kroner, og ein negativ eigenkapit­al på kring 5,6 millionar kroner.

 ??  ?? KLARTALE: Klar tale frå Høgres Asbjørn Botnen i Bø formannska­p måndag, der garanti til Gullbring var ei av sakene.
KLARTALE: Klar tale frå Høgres Asbjørn Botnen i Bø formannska­p måndag, der garanti til Gullbring var ei av sakene.
 ??  ?? STUDERER: Ordførar Borgar Kaasa under formannska­psmøtet måndag.
STUDERER: Ordførar Borgar Kaasa under formannska­psmøtet måndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway