Varden

Gripende møte med livreddern­e

Gledeståre­ne trilla da Sigmund Valhovd (82) møtte fire av personane som redda livet hans i sommar.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Sigmund Valhovd (82) rekker fram hånda og takker Hanne Thorstein Gjedrum og Karianne Riiser for livet. Kvinnene er to av i alt sju personer som med sin innsats reddet livet hans da han druknet Seljordsva­tnet i sommer.

Han drukna i Seljordsva­tnet 6. juli i år, mens seks turistar og ein fastlege tro til og berga livet til 82-åringen på den dramatiske fredagen.

Fantastisk gjensyn

Nyleg møtte Sigmund Valhovd fire av dei sju livreddara­ne for fyrste gong etter drukningsu­lykka.

– Takk for livet, sa Sigmund som hadde med seg ein blomsterbu­kett til kvar av livreddara­ne. Han synest det var fantastisk å møte hjelparane, som han ikkje kjende namna på før møtet blei arrangert.

– Godt å sjå deg. Mykje hyggjelega­re enn i sommar. Ein veldig rar følelse, for me trudde ikkje du ville overleve. Eg sa på førehand i dag at skulle eg møte ein død mann, fortel Hanne Thorstein Gjerdrum. Ho felte mange gledeståre­r under det gripande møtet i Sandefjord.

Hanne sat i ein ring ute i vatnet og koste seg med dei fem andre vennene da det plutseleg flaut ein mann i vatnet med andletet ned. Han var berre 30-40 centimeter unna da ho snudde seg. I løpet av kanskje 20 sekund fekk dei mannen på land.

Da ho og dei andre livreddara­ne tok han opp av vatnet på Bjørgesand­en camping, var 82-åringen livlaus.

Veldig tungt

– Han verka veldig lang og det følast som han vog 150 kilo da me drog han opp. Me var heilt sikre på at han var død. Auga var kvite og leppene lyseblå, fortel to av dei andre, Thomas Riiser og Ingunn Valset.

Karianne Riiser fekk ringt AMK-sentralen og skreik ut på stranda om det var helseperso­nell til stades. Dei sette i gang med gjenoppliv­ing. Turistane såg da på dette som nesten nyttelaust, ut frå tilstanden.

Ein fastlege, som var på stranda, høyrde ropa og kom til.

– Da legen sette i gang med gjenoppliv­ing, blei det ein heilt annan lyd i Sigmund. Ho gjekk meir brutalt til verks, og fekk puls i han. Utan fastlegen ville ikkje Sigmund levd i dag. Det gjekk nok godt over fem-seks minutt frå me fekk han opp og til var det var liv i han, seier dei

fire hjelparane frå Askim og Sandefjord som hugsar veldig godt jubelen da pulsen slo igjen.

Sigmund vart sendt vidare med ambulanse til sjukehuset i Skien.

Ekteparet Ronny og Kathrine Neegaard var også med på redningsak­sjonen, men paret frå Askim hadde ikkje høve til å møte Sigmund Valhovd denne kvelden.

På festival

Dei seks turistane var på den årlege Seljordfes­tivalen. Det var glovarmt denne fredagen, og derfor reiste dei til Bjørgesand­en for å kjøle seg litt ned.

Etter dramaet fekk dei tilbod om krisehjelp av Seljord kommune.

– Me bearbeidde hendinga ved å snakke saman om det som hadde skjedd, seier livreddara­ne.

Karianne Riiser seier at viss badeulykka hadde enda med dødsfall, trur ho ikkje at ho ville klart å ta turen til Seljord og festivalen neste sommar. No er livreddara­ne klare til å ta turen til dansebandf­estivalen og bading på Bjørgesand­en.

Sigmund Valhovd seier at han er ikkje framand for å ta seg ein ny badetur, og at det da kan bli eit langt meir triveleg møte med menneska som redda livet hans.

– Da skal eg halde meg naermare land, avsluttar den sindige seljording­en med eit smil.

 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ??
FOTO: FREDRIK PEDERSEN
 ??  ?? DRUKNA: Sigmund Valhovd drukna i Seljordsva­tnet. Her er han med dei som redda han - Thomas Riiser, Ingunn Valset, Kari anne Riiser og Hanne Thorstein Gjerdrum. Kathrine og Ronny Neegaard, som også deltok i redningsak­sjonen, var ikkje til stades.
DRUKNA: Sigmund Valhovd drukna i Seljordsva­tnet. Her er han med dei som redda han - Thomas Riiser, Ingunn Valset, Kari anne Riiser og Hanne Thorstein Gjerdrum. Kathrine og Ronny Neegaard, som også deltok i redningsak­sjonen, var ikkje til stades.
 ??  ?? FYRSTE MØTET: Sigmund Valhovd møter Hanne Thorstein Gjerdrum for fyrste gong etter redningsak­sjonen. Thomas Riiser til høgre.
FYRSTE MØTET: Sigmund Valhovd møter Hanne Thorstein Gjerdrum for fyrste gong etter redningsak­sjonen. Thomas Riiser til høgre.
 ??  ?? DROG I LAND: Thomas Riiser var ein av dei som drog Sigmund Valhovd i land frå Seljordsva­tnet. Her helsar han på seljording­en.
DROG I LAND: Thomas Riiser var ein av dei som drog Sigmund Valhovd i land frå Seljordsva­tnet. Her helsar han på seljording­en.
 ??  ?? GRIPANDE: Gripande når Sigmund Valhovd helsar på Hanne Thorstein Gjerdrum og Karianne Riiser.
GRIPANDE: Gripande når Sigmund Valhovd helsar på Hanne Thorstein Gjerdrum og Karianne Riiser.
 ?? ALLE FO TO: FREDRIK PEDERS EN ??
ALLE FO TO: FREDRIK PEDERS EN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway