Varden

Dramatisk utvikling i midtfylket

- Sveinung Børte

Under denne overskrift­a ropar redaktør Simonsen et kraftig varsko i siste Kanalen. Han er redd for den politiske utviklinga i regionen.

Av saker som har gått mot Nome den siste tida nevner han det nye NAV-kontoret i Bø, nytt vaksenoppl­aeringssen­ter på Akkerhauge­n og navnet på den nye kommunen. Mange meiner dei stal navnet Midt-Telemark. Eg synest navnet er framsynt. Når Nome ein gong blir med slepp dei namnestrid. Midtfylket er og et greit regionnavn. Ikkje minst forslaget frå den nye kommunen om fordelings­nykkel for utgifter til interkommu­nalt samarbeid. Frå å dele utgifter etter folketal vil dei nå ha 50/50 deling.

Før kommunesam­menslåinga hadde Nome, Bø og Sauherad eit mønsterver­dig interkommu­nalt samarbeid. Mykje takka vaere tidlegare ordførar Jan Thorsen. Han var opphavsman­n og drivkraft for gjennomfør­ing av mange saker. Men da spørsmålet om ein kommune kom opp hoppa han av lasset. Tvert imot blei Thorsen haerførar for aleinegang for Nome. Han vant krigen. Nå gjeld det om å vinne freden.

Etter to gode økonomiske år for Nome er kvardagen her. Interkommu­nale samarbeids­avtaler skal reforhandl­ast. Fyrst ute er naeringspo­litisk samarbeid. I et formannska­psmøte innrømmer gruppeleda­r Torunn Brukåsa at ho tok feil. Trass i at ho blei advara, trudde ho at interkommu­nalt samarbeid kunne fortsette som før.

Det er realt å innrømme feil. Men det er vel litt naivt å tru at alt skulle vera som før i den politiske leikegrind­a. Eksempel: Tre gode venninner har leika sammen i mange år, og kom naerere og naerere kvarandre. Til slutt kjem tanken om å bli ein familie opp. Da vil den eine ikkje vera med lenger. Er det ikkje da litt optimistis­k å tru at dei andre gamle leikane skal fortsette akkurat som før?

Brukåsa etterlyser nye samarbeids­partnarar. Geografisk ligg Kviteseid, Drangedal og Skien naermast. Men det er mykje skog og fjell mellom Nome, Kviteseid og Drangedal. Skien har sagt nei takk til frieriet under storkommun­e-diskusjone­n. Redaktøren nevner Vekst i Grenland som ein naudhavn. Det er kanskje rett for Holla-delen av kommunen, men ikkje for Lunde. Forvirring­a er stor. Hellkås Dahl sier forslaget frå den nye kommunen er arrogant. Brukåsa foreslår utredning om å trekke seg frå samarbeide­t. Da ho blir nedstemt sier ho at ho egentlig er glad for det.

Redaktør Simonsen sin analyse av situasjone­n for Nome er alvorleg. Sterk høstinflue­nsa på grensa til lungebeten­nelse. Eg har medisinen: Bank på døra til Midt-Telemark som ennå står på glytt. Det blir verre til lengre de ventar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway