Varden

Her budde familien på fire etter utkastinga

Etter den brutale utkastinga frå husmannspl­assen i Langlim i Seljord, måtte familien på fire bu i ei steinrøys i fleire månader.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Telemark hadde midt på 1800-talet naermare 4.000 husmenn. Mange av desse fekk ein trist skjebne.

To morske menn

Ei av dei meir dramatiske sogene, knyter seg til husmannspl­assen Vibekk i Høydalsdal­en i Langlim i Seljord. Der budde husmannen Harald, kona Margit og dei to barna Anne og Svein.

Olaus Høydal fortel om denne familien i ein artikkel i «Jol i Telemark» frå 1996. Ein vårdag i 1836 kom det to morske menn inn på tunet på Vibekk. Han som førde ordet var bonden på Høydal som eigde Vibekk. Bakgrunnen for besøket, var at Harald ikkje hadde betalt plassleige for to år. Viss han ikkje betalte den der og da, måtte han ut. Slik blei det. Harald hadde ikkje pengar.

Heile familien vart kasta ut. Harald spurde utkastaren om kvar han og resten og familien skulle gjere av seg. Det nådelause svaret frå Høydal-bonden var:

– Det blir di sak! Vidare fekk familien beskjed om å pakke seg ut snarast råd, før bonden spikra ein hengelås på døra.

Harald spurde etter husrom i Langlim, men ingen kunne ta imot familien på fire.

Tok til tårene

Ikkje uventa lurte kona Margit på kor dei skulle bu, og Olaus Høydal skriv at svaret frå Harald var følgjande:

– For det fyrste får me heller bli «hellerbuar­ar».

–Meinerduat­meskalbuie­i steinrøys? hylte Margit som naturleg nok hadde teke til tårene.

– Folk har budd under heller før, og me greier det vel til me finn noko betre, svara mannen.

Rydda plass

Plassen han tenkte på var ovanfor Skomestaul. Der hadde ei stor steinblokk lagt seg på andre steinar, slik at det vart eit rom under.

Familien gjekk i gang med å «innreie» det nye «huset». Dei kasta ut stein, og henta granbar og kvist frå skogen til underlag frå sengene. Dei mura òg vegger i opninga ut mot dagen. Harald henta stein, og Margit tetta veggen med mose og jordtorv. Seint om kvelden var bustaden ferdig, men da hadde barna alt sovna.

«Fjøs» under grana

Margit hadde leidd kua Vibot opp til den nye heimen. Fjøset blei under ei tett gran. Vibot treivst ikkje der, så det blei magert med både mjølk og mat.

Matstellet var einsidig. Margit koka graut på bålet under ein granbusk. Ho prøva også å bake ved å legge deigen på steinhelle­r inn mot varmen, men resultatet vart ofte brente eller halvrå kaker. Kleda vart også tørka på bålet, men ikkje sjeldan måtte dei tørke desse på kroppen om natta, ifølgje Olaus Høydal. Han fortel òg at stundom måtte dei leggje seg på tom mage. Neste morgon fekk dei mjølk frå kua- og det var eit lyspunkt.

Lengta tilbake

Familien lengta tilbake til Vibekk og barna tok nokre gonger turen ned til den tidlegare heimen sin.

Harald fekk av og til arbeid på gardane i Langlim, utan at det blei den store fortenesta. Nokre gonger kom han heim med aure frå Tjønnstaul­tjønna eller Myklevatn på fjellet.

Det gjekk mot vinteren, og det store spørsmålet var sjølvsagt når familien kunne finne seg ein ny heim. Etter ein arbeidsdag i Langlim kom Harald med gode nyheiter. Familien hadde fått eit rom på Nordgarden, og Vibot fekk stallplass i fjøset. Gleda og humøret hadde vel aldri vore betre i steinrøysa enn denne kvelden.

Dei måtte bu nokre veker til under steinhella før dei kunne ta inn på Nordgarden. Harald fekk også ein støyl på fjellet som sikra vinterfôre­t til Vibot. Endeleg fekk både folk og fe tak over hovudet.

Milde og strenge bønder

Ikkje alle husmenn fekk like skruppella­us behandling som Margit og Harald frå Langlim. I den kontrakten som Lars Tellefsen i Drangedal skreiv under med påhalden penn i 1794, heiter det at han skal svare årleg avgift på tre riksdalar, og avgifta skal betalast Mikkelsdag­en (29. september). Lars plikta seg til å arbeidde åtte veker i året når husbonden forlanga det, men i si eiga onnetid skulle han vere fri. Arbeidet skulle utførast mellom 14. oktober og 14. april, og husmannen skulle ha 12 skilling per dag pluss kosten.

– Etter ordlyden er dette ein god kontrakt, og viser at husmannen ikkje hadde nokon hard bonde, skriv Alf Mostue i artikkelen «Husmannskå­r», publisert i Årbok for Telemark 1968.

Streng kontrakt

Mostue fortel derimot om ein streng kontrakt frå Seljord. Der hadde husmannen ingen beiterett utanfor grensene til plassen, og husmannen hadde heller ingen rett til ved og gjerdemate­riell i bonden sin skog.

Det er ikkje mogleg å tidfeste når husmannsve­senet starta, men traelar og husmenn er omtalt så langt tilbake som det finst skriftlege kjelder.

I 1750 kom husmannslo­va som sidan vart avløyst av nye lover. Bakgrunnen for utviklinga av husmannsve­senet var auken i folketalet på 1700- og 1800-talet. Det vart nesten dobla frå 1801 til 1865 – frå 900.000 til 1,7 millionar.

Jordbruksn­aeringa var det store, og folk som ville setje bu hadde ikkje anna val enn å bli husmann. I Norge auka talet på husmenn frå 11.814 i 1723 til 65.060 i 1855. Telemark hadde sistnemnde år 3.892 husmenn. I 1890 var det redusert til 1.288, men så seint som i 1917 – berre for vel 100 år sidan – fanst det 564 husmenn i Telemark.

Husmannsve­senet vart gradvis redusert både på grunn av industrial­iseringa og den store utvandring­a til Amerika, og er i dag ein del av vår historie.

KJELDER:

Jol i Telemark 1996. Artikkel av Olaus Høydal om utkasting av husmenn i Langlim.

Alf Mostue: Husmannskå­r i Telemark. Artikkel i Årbok for Telemark 1968.

Birgit Landsverk: I hus- mannsfolke­ts fotefar. 2015.

 ??  ?? SYNER: Olaus Høydal har fortalt soga om hellerbuar­ane, og her syner han fram
SYNER: Olaus Høydal har fortalt soga om hellerbuar­ane, og her syner han fram

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway