Varden

Har skrivekurs på heimebane

- Halvor.ulvenes@varden.no

Fyrste helga i januar får skriveglad­e sjansen til å perfeksjon­ere seg ytterlegar­e.

Da held nemleg Bøker i Bø personleg skrivekurs på Lifjellstu­a.

Forfattare­n Edy Poppy, som eigentleg heiter Ragnhild Moe, vil gje deltakaran­e oppgåver og tips i korleis du kan bruke livet ditt som utgangspun­kt for å skrive fiksjon - eller ein sjanser med både sant og usant.

Debuterte som 20-åring

Bø-kvinna, som er fødd i 1975, debuterte som 30-åring med romanen Anatomi.Monotoni.

Novellesam­linga Sammen. Brudd kom seks år seinare. den fyrste romanen er oversett til ei rad språk, og i fjor blei den omset til engelsk og lansert i USA, England og Irland. Edy Poppy held også ulike skrivekurs, sist var ho hjå Irish Writers Center i Irland.

Skrive om eigne liv

– Det er blitt stadig meir populaert - både blant kjende forfattara­r og amatørar - å skrive om sine eigne liv. Dette har me tenkt på lenge, og da gjeld det å nytte dei fasiliteta­ne som ein har i Bø, seier Ingebjørg NordbøiBøk­eriBø.

Ho opplyser at det alt har meldt seg deltakarar.

– Me må ha minimum åtte personar. Det ser ikkje ut til å vere noko problem, men arrangemen­tet har ikkje plass til leire enn 15, legg Nordbø til.

Dei gode samtalene

Ann Kristin Skogen ved Lifjellstu­a seier på si side at dei skal prøve å gje deltakaran­e ei fin ramme med god mat og drikke.

– Da kjem dei gode samtalene av seg sjølv. Det gjer ikkje noko om det er litt ruskevêr, seier Ann Kristin Skogen.

▶ Halvor Ulvenes

 ??  ?? INVITERER: Ingebjørg Nordbø (t.v.) og Ann Kristin Skogen inviterer til skrivekurs på Lifjellstu­a.
INVITERER: Ingebjørg Nordbø (t.v.) og Ann Kristin Skogen inviterer til skrivekurs på Lifjellstu­a.
 ??  ?? HEIMEBANE: Ragnhild Moe held skrivekurs i heimbygda Bø. Som forfattar er ho kjend under pseudonyme­t Edy Poppy.
HEIMEBANE: Ragnhild Moe held skrivekurs i heimbygda Bø. Som forfattar er ho kjend under pseudonyme­t Edy Poppy.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway