Kamp om millionar
Fellesnemnda for den nye kommunen i midtfylket søkjer om å få kompensert milliontapet ved at krinsane Angard og Hjuksebø forsvinn.
Brutto inntektstap ved overføring av krinsane til Notodden, er 17,7 millionar kroner. Telemarksforsking kalkulerte beløpet etter bestilling frå Fylkesmannen i Telemark. Vedtaket fredag betyr at fellesnemnda sender brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Der vil dei be om å kome inn under inntektsgarantiordninga.
Store konsekvensar
I utgreiinga skriv sakshandsamar Per Dehli at dersom ikkje inntektsgarantiordninga - kalla INGAR - vert nytta ved grensejusteringa, får det store negative konsekvensar for starten til Midt-Telemark kommune. Per Dehli opplyser til Varden at beløpet blir mindre enn 17,7 millionar fordi kommunen også får reduserte utgifter. Vidare vil gjeld på anlegg i dei to krinsane bli overført til Notodden kommune.
– Me er også i forhandlingar med Notodden kommune om desse inntektene, opplyste Dehli i møtet på Akkerhaugen fredag. Han varsla der at han vil kome med ein oversikt over vinsten ved samanslåing av kommunane Bø og Sauherad i neste møte i fellesnemnda for den nye kommunen i midtfylket.
Føler seg lurt
– Dette er ei stor sak. Eg tok den opp med stortingsrepresentantar frå Telemark på eit møte rett etter nyttår, opplyste Sauheradordførar Mette Haugholt.
I møtet kom det fram at dei ulike partia vil drive lobby for å få gjennomslag for synet sitt. Aslaug Norendal (V) sa at staten har bruka pisk og gulrøter for å få kommunar til å gå saman. – Viss alle gulrøtene blir borte, kan ein føle seg lurt, sa ho.
Maks fem millionar
Seniorforskar Kjetil Lie ved Telemarksforsking seier i ein kommentar til Varden at den nye kommunen i beste fall vil få kompensert fem millionar kroner, om inntektsgarantiordninga vert nytta.
– 12,7 millionar kroner er, ifølgje våre utrekningar, knytt til skatteinntekter. Det beløpet kjem uansett ikkje inn under ordninga. Eg er også i tvil om den nye kommunen får kompensert dei resterande fem millionane, seier Kjetil Lie.