Varden

Syklar 8000 km til jobben kvart år

Kvar einaste dag syklar Reidun May Smørdal til jobb. Berre i løpet av dei seks siste åra har ho lagt bak seg naer 50.000 kilometer.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Kvar einaste dag set Reidun May Smørdal seg på sykkelsete­t for å kome på jobb. I løpet av eitt år blir dette over 8.000 kilometer. – Dette er ikkje så stort. Eg brukar ikkje kraft - vegen er stort sett flat, seier 53-åringen. Når vêret er ruskete, lurar ho sjølv av og til på kva ho driv med.

53-åringen bur ved Sandabrua i Øvre Bø og jobbar som butikkleia­r i XL-BYGG på industriom­rådet Oredalen på Gvarv - ein distanse tur-retur på 36 kilometer.

Inga skryt

– Dette er ikkje så stort. Eg brukar ikkje kraft - vegen er stort sett flat, seier Reidun sjølv. Like fullt syklar kvinna, som er fødd i Bergen og oppvakse i Tønsberg, naer 8.500 kilometer i året.

Før jobben på XL-bygg var ho butikksjef for Design Forum AS i Bøgata i 14 år. Da bruka ho også sykkelen - ein distanse på 20 kilometer kvar dag. I løpet av dei siste 20 åra har såleis Reidun sykla godt over 110.000 kilometer for å kome til og frå jobb.

– Eg er ikkje oppteke av dette, men transporte­n til jobb. Med sykkelen brenn eg litt kaloriar på vegen, fortel Reidun som er mektig imponert av det flotte Telemarks landskapet. Sykkeltura nede rer balsam for sjela. Hoser på miljøkonse­kvensen av syklinga som ein fin bonus, og synest det er topp viss ho kan vere eit førebilete for andre.

Medaljar i karate

Da ho jobba i Bøgata, sykla ho også på trening om kvelden. Den ivrige syklisten er elles glad i både symjing og skigåing. Det høyrer med at ho har tre bronsemeda­ljar i NM i karate. Den sporten starta ho med som 16-åring før ho skulle vere aupair i Paris.

– Eg måtte kunne forsvare meg, seier Reidun.

Veldig sympatiske

– Korleis oppfører bilistane seg?

– Dei er veldig sympatiske. Enten er eg ein yndling i trafikken, eller så er dei veldig greie, seier Reidun som får mange kompliment frå sambygding­ane for syklinga.

Ho er godt utstyrt med refleks og lys, men sportsbuti­kken har ikkje klart å levere piggdekk til sykkelen i år. Det går med om lag 5.000 kroner i året til vedlikehal­d av den. – Ingen planar om elsykkel? – Er du gal, får ikkje noko trim av det. Mange andre har spurt meg om dette, avsluttar Reidun May Smørdal.

 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ??
FOTO: FREDRIK PEDERSEN
 ??  ?? TIDSBRUKEN: Reidun brukar vanlegvis 1 time og 15 minutt på heimturen.
TIDSBRUKEN: Reidun brukar vanlegvis 1 time og 15 minutt på heimturen.
 ??  ?? BALSAM: For Reidun May Smørdal (53) er det balsam for sjela å sykle til jobben.
BALSAM: For Reidun May Smørdal (53) er det balsam for sjela å sykle til jobben.
 ??  ?? UAKTUELT: – Elsykkel er heilt uaktuelt, seier Reidun May Sørdal.
UAKTUELT: – Elsykkel er heilt uaktuelt, seier Reidun May Sørdal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway