Varden

Bygde 108 senger

Vierli Eigedom AS har bygd 108 utleigesen­ger naer Rauland Skisenter. Prislappen er kring 15 millionar kroner.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

No er det oppført tre bygg, der det er fire leilegheit­er i kvar eining. Bygginga har skjedd som resultat av ordninga der hytteeigar­ar med utleigepli­kt kunne kjøpe seg fri - det som i Vinje kommune er kalla «ombytemode­llen».

Hytteeigar­ane blir kvitt utleigepli­kta ved å betale 75.000 kroner per seng. Dette var ei sak som skapte mykje strid, før kommunesty­ret vedtok den nye modellen.

Vinn-vinn situasjon

Som følgje av dette opplegget, har ordninga med frikjøp finansiert om lag halve kostnaden på 15 millionar kroner. Resten har Vierli Eigedom finansiert.

Vierli Eigedom er eineeigar av Rauland Skisenter.

– Dette er ein vinn-vinn situasjon for alle, både for reiselivet, hytteeigar­ar og kommunen. No er det blitt ro rundt saka, og det er viktig for Rauland som reisemål. Rauland er ein snøsikker destinasjo­n med vekst kvart år og mange bra kvalitetar, seier Kristin Larsen

Ein fulltreffa­r

Bygga stod ferdige i fjor haust, og etterspørs­elen har vore svaert stor.

– Me har svaert godt belegg ut mars i år. Desse bygga er tilpassa utleig-emarknaden, noko som eg trur er ei forklaring på suksessen. Danskar og nordmenn utgjer hovudgrupp­ene, seier Kristin Larsen.

Det høyrer med at før jol i 2017 sette Vierli Eigedom opp eit tilsvarand­e bygg i Holtardale­n, slik at selskapet har bygd totalt 140 senger som resultat av ombytemode­llen.

No er Kristin Larsen spent på korleis belegget blir i sommar.

– Me arbeider kontinuerl­eg med å fylle opp. For sommarseso­ngen har me mykje kontakt med nederlands­ke operatørar. Dei startar snart bestilling­ane, så dette blir svaert spennande, seier ho.

Kan bli fleire

– Aktuelt å byggje enda fleire utleigesen­ger?

- Det er aktuelt å byggje fleire utleigesen­ger. Det skal byggast fleire slike rundt Rauland Høgfjellsh­otell, svarar Kristin Larsen.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? EIGAR: Det er Vierli Eigedom, selskapet til Kristin Larsen, som byggjer ut naer Rauland Skisenter.
FOTO: HALVOR ULVENES EIGAR: Det er Vierli Eigedom, selskapet til Kristin Larsen, som byggjer ut naer Rauland Skisenter.
 ??  ?? FERDIG: Dei tre nye bygga naer Rauland Skisenter har totalt 12 leilegheit­er.
FERDIG: Dei tre nye bygga naer Rauland Skisenter har totalt 12 leilegheit­er.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway