Varden

Byggjeboom i Bø

– Berre på Nordbøåsen er 52 bustader ført opp eller under bygging på to år, opplyser avdelingsl­eiar Aslak Gilde ved teknisk etat til Varden.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Heile området er regulert for kring 400 bustader.

Liten «bydel»

– Når bustadområ­det er ferdig utbygd, vil det bu kring 1.000 personar på Nordbøåsen. Med den utviklinga som Bø har så trengst det 50 nye bustader i året, seier avdelingsl­eiaren vidare.

Teknisk sjef Vidar Lofthus i Bø kommune har følgjande kommentar..

– På Nordbøåsen blir veksten synleggjor­t.

Lofthus opplyser vidare at teknisketa­tprioriter­er bustadutby­gginga r, fordi dette er viktig for å skape vekst i bygda.

– Me har grei kapasitet til å handtere dette, seier Vidar Lofthus

Går unna

Nordbøåsen Utbyggings­selskap er ein svaert sentral aktør i området. Dagleg leiar Vigdis Elida Moland Verpe seier til Varden at i det gamle feltet deira er det berre to tomter igjen som ikkje er selt. Det feltet er på 55 tomter.

– I det nye feltet vårt er det 107 tomter. 13 av desse er alt omsett, og fleire har i tillegg reservert tomt. 14 tomter skal vere byggeklare til hausten og 67 tomter er detaljpros­jekterte i dette feltet. Me er svaert godt fornøgd med utviklinga, seier ho.

Det er mannen hennar, Kjell Aage Verpe, samt Halvor Nordbø og Ingar Berge som er grunneigar­ar i området til dette selskapet.

Byggjer skibru

Lysløypa ligg også på Nordbøåsen. I samband med den er det eit krav i regulering­splanen at det skal byggjast skibru. Arbeidet med den er i gang. Tysdag var gravemaski­nene i full sving.

– Den skibrua er kalkulert til 2,1 millionar kroner, er seks meter brei og med eit spenn på 16 meter. Løypemaski­na kan passere den. Utbyggings­selskapet har hatt eit godt samarbeid med aktuelle lag ved prosjekter­ing av dette anlegget.

– Kva er prisen på tomtene? – Den ligg på frå 690.000 kroner og oppover. Storleiken er frå 690 kvadratmet­er og til over eitt dekar, avsluttar Vigdis Elida Moland Verpe.

 ?? ALLE FOTO: HALVOR ULVENES ?? I VEKST: Etter kvart vil det bu rundt 1.000 personar berre på Nordbøåsen, ifølgje teknisk etat i Bø. Her skal det byggast ny skibru til over to millionar kroner.
ALLE FOTO: HALVOR ULVENES I VEKST: Etter kvart vil det bu rundt 1.000 personar berre på Nordbøåsen, ifølgje teknisk etat i Bø. Her skal det byggast ny skibru til over to millionar kroner.
 ??  ?? SYNLEG: Veksten i Bø blir synleggjor­t på Nordbøåsen, seier teknisk sjef Vidar Lofthus (t.v.) og avdelingsl­eiar Aslak Gilde.
SYNLEG: Veksten i Bø blir synleggjor­t på Nordbøåsen, seier teknisk sjef Vidar Lofthus (t.v.) og avdelingsl­eiar Aslak Gilde.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway