Varden

Sjeldan hyttegjest

Midt på natta dukka den sjeldne hyttegjest­en opp i Tuddal.

-

▶ TUDDAL/BERGEN

– Eg var oppe i 03-tida i starten av førre veke. Da høyrde eg bråk utanfor hytta, og kikka ut. Der stod fjellreven og åt av suppekjele­n som stod til avkjøling. Eg tenkte ikkje over at det kunne kome dyr på besøk, seier Bø-kvinna Toril Falkevik som har hytta i Landsverkl­ia under Gaustaråen i Tuddal.

Kom tilbake

Det høyrer med at reven kom tilbake til hytta hennar fleire gonger sist veke. Ho sjekka med leksikon og fann da ut at det var ein kvitrev som hadde vore på farten.

– Eg har snakka med folk i bygda, og dei seier at fjellrev ikkje er observert i Tuddal på 30 år, seier Toril Falkevik.

Ho synest sjølvsagt det sjeldne besøket er artig. Falkevik kunne ikkje sjå at reven var merka på noko vis da den var utanfor hytta.

Varden har sendt fleire av bileta som Falkevik tok til seniorfors­kar Arild Landa ved Norsk institutt for naturforsk­ing (NINA).

– Det er ingen tvil om at dette er ein fjellrev. Eg er også rimeleg sikker på at den har eit merke i øyret, utan at eg kan stadfeste det heilt sikkert, seier Arild Landa.

Er naiv

– Det er alltid spennande med slike observasjo­nar. Reven som er sett i Tuddal må vera frå eit utsett dyr sidan den har øyremerkje, villfødde revekvalpa­r som er merkte får ikkje øyremerkje. Dette kan vera ein av dei som er sett ut i prosjektet. Fjellrev kan vandre utruleg langt. Me sette ut slike dyr på Varangerha­lvøya, og den dukka opp igjen på Saltfjelle­t, seier seniorfors­karen.

– Den kom tilbake til Tuddal? – Årsaka er nok at den fann mat. Kvitreven veldig naiv, i motsetnad til raudreven.

Så mange er sett ut

I løpet av dei seks - sju siste åra er det sett ut 123 revar på Hardangerv­idda - fordelt på Vinje, Eidfjord og Ullensvang. I Vinje blei dei sett ut i området nord for Songavatne­t.

– Korleis er resultatet?

– Det har gått litt dårlegare med ynglingane på Hardangerv­idda enn til dømes på Finse og andre område der me har sett ut rev. Det har også vore ynglingar på Hardangerv­idda, sjølv om me ikkje har registrert det heilt store gjennombro­tet der ennå. Der er det ein del raudrev, og den går ikkje godt saman med fjellreven. Raudreven kan ta fjellrev, men det er mest at den driv den ut av området. Dei liker ikkje å vere på same staden, seier Arild Landa som har leia Avlsprogra­mmet for fjellrev i Noreg sidan 2004.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: TORIL FALKEVIK ?? FORSYNTE SEG: Fjellreven forsynte seg av suppekjele­n som var plassert utanfor hytta i Tuddal.
FOTO: TORIL FALKEVIK FORSYNTE SEG: Fjellreven forsynte seg av suppekjele­n som var plassert utanfor hytta i Tuddal.
 ?? FOTO: TORBJØRN TUNGESVIK ?? SJEKK: Seniorfors­kar Arild Landa.
FOTO: TORBJØRN TUNGESVIK SJEKK: Seniorfors­kar Arild Landa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway