Varden

LOKALHISTO­RIE: Mogen i 125 år

Utbyggings­planane på Mogen skaper strid. Denne populaere staden på Møsstrond har turisttrad­isjonar i meir enn 125 år.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

I 1892 gjekk Ole Kristoffer­sen Mogen med på å byggje ei lita hytte like ved gardshuset. Den hadde gang, soverom og eit opphaldsro­m. Mildrid Wastling Nilsen på Møsstrond, som har studert soga til Mogen, skriv i ein historisk oversikt at 31. desember dette året skreiv Ole K. Mogen under ein «grundleiek­ontrakt» med Skien-Thelemarke­n Turistfore­ning. Dei skulle leige tomta i 99 år.

Kunne ikkje skrive

Leigesumme­n på 500 kroner for heile perioden vart betalt ut kontant. Det svarar til i overkant av fem kroner i året. Pengesterk­e og mektige samfunnsto­ppar stod bak kontrakten.

Ole Kristoffer­sen Mogen kunne ikkje skrive, så han signerte med «paaholden penn», med Tallef O. Torvetjønn og Torgeir T. Skinnarlan­d som vitne. Kontrakten vart tinglyst 10. april 1893 og medførte at i 1949 – for 70 år sidan – fekk DNT skøyte på eigedomen.

Ole K. Mogen skulle få inntekter frå turistverk­semda, der han måtte servere gjestene mat, vaske og elles godta «Foreningen­s Kontrol». Ifølgje den strenge kontrakten ville Ole K. Mogen miste rettane sine om han braut nokre av forpliktin­gane i kontrakten.

Dei fyrste vertane

Gro og Kristoffer Mogen var dei fyrste vertane, og dei dreiv turistverk­semd fram til 1908. To år tidlegare måtte han gjennom ein operasjon på Rikshospit­alet, og var ikkje lenger i stand til å fylle rolla som turistvert med arbeid og guiding. Vertskapet fekk både ros og ris. Ein som klaga sa at «med maden er det yderlig slet» medan ein annan turist skrøyt av mat, senger og hyggjelege folk.

Tone og Odd Skeie kom inn som nye drivarar, og i starten laga dei mat i kjøkkenet til Gro og Kristoffer Mogen.

I 1910 utvida dei turisthytt­a, slik at den fekk to soverom, ni sengeplass­ar, matstove og kjøkken. Kvinner og menn hadde kvart sitt rom. Sidan vart turisthytt­a flytta opp til Mogavollen, der den står i dag. I 1919 kjøpte Odd Skeie ei hytte på 25 kvadratmet­er i Rauland. Den vart flytta og blei hovudhytta på Mogen, med 28 sengeplass­ar.

God hjelp

Halvor Skeie, son av Tone og Odd, fortel i eit intervju med Herman Henriksvee­n at det ikkje var noko latmannsli­v å drive Mogen. Intervjuet blei publisert i Årsskrift for Rauland Historiela­g 1992. I starten var det robåten som galdt. Da tok turen på Møsvatn ein dag, i ruskevêr måtte ein rekne med lenger tid.

Det hjelpte mykje da turistfore­ninga fekk låne båten «Møsvand» i perioden 1910–1912. Sidan fekk turistfore­ininga båten «H.C» som gjekk i rute Skinnarbu-Mogen i naer 40 år.

Gjekk seks mil

Halvor Skeie fortel i nemnde intervju at dei dreiv buskapen frå Rauland og opp til Mogen når sommarseso­ngen starta. Dette var ein krevjande tur på seks mil. Turen tok to dagar. Dei fyrste åra overnatta dei på Hamaren, og sidan i Austre Skindalen. Skeie opplyser vidare at folka på Møsstrond hjelpte til, blant anna med å få dyra til å gå over elvene.

Elles var det ei strid tørn for vertane å hjelpe turistar til båten klokka 08 om morgonen. Seinare var det kløyving for å frakte gjestene innover fjellet. Vollevatn, Gjuvsjåen, Lågaros og Geitevassd­alen var reisemål den gongen.

Døydde på båttur

Det var ikkje feitt å vere turistvert, naermast ein bijobb, så Odd Skeie måtte spe på med å bere utstyr for turistane, kløyving samt jakt og fiske. Odd Skeie, som var ein sprek fjellmann, døydde brått i 1937. Han blei dårleg da han skulle ro ein kar til Møsdammen, og livet ebba på denne turen.

Kona Tone måtte ta over drifta, med god hjelp av barna Kristi og Halvor. Innbyggjar­ane på Møsstrond var viktige i oppbygging­a av Mogen turisthytt­e, Dei trådde til og bruka både tid og krefter på hytta som blei utbetra i 1939, rett før andre verdskrige­n.

Nazistar på hytta

I slutten av mars 1943 tok tyskarane inn på Mogen i samband med storrazzia­en dei hadde etter tungtvassa­ksjonen. Tyske soldatar og norske nazistar gjekk da på ski til gardar og hytter for å leite etter sabotørane. Soga seier elles at nazistane tok dei rekvirerte hestane under razziaen inn i spisskamme­rset på Mogen og bruka det som stall desse dagane.

Det var mykje ubehag i samband med razziaen, der ein reinsdyrfl­okk vart skote på med maskingeva­er. Etter ei tid landa rikskommis­saer Josef Terboven på Mogavollen og sa at aksjonen var avslutta.

Tone Skeie heldt fram med drifta til 1948. Dette året vart ho heidra med både Kongens fortenestm­edalje og turistknap­pen i gull for sine 40 år som turistvert­inne på Mogen.

Sidan veksla Halvor og Ragna Skeie på vertsrolla med Kristi og Eivind Lien.

Nytt påbygg

I 1952 blei turisthytt­a utvida med 108 kvadratmet­er, eller 55 sengeplass­ar. Turisthytt­a frå 1919 blei ikkje rive, men bygd om og er no kring 100 år gamal.

Utviklinga har vore rivande. Halvor Skeie fortel i nemnde intervju at i 1908 var det 17 fotturista­r som besøkte Mogen. Under 100 år seinare, i 2005, var det 3.500 overnattin­gar på turiststad­en, der båten Fjellvåken II no fraktar turistar langs Møsvatn.

Skaper strid

Mogen Turisthytt­e, som er ei av dei eldste i sitt slag på Hardangerv­idda, er i dag eigd og blir drive av Den Norske Turistfore­ning. Hytta har 48 sengeplass­ar, fordelt på rom med plass frå 2–4 personar. No ønskjer DNT å rive det gamle bygget og setje opp eit nytt, moderne anlegg på same tomta. Det har skapt kraftige reaksjonar i lokalsamfu­nnet. 13 innbyggjar­ar skreiv nyleg brev til både Vinje kommune og Telemark fylkeskomm­une om saka.

Den dagen det ligg føre ein søknad om nytt bygg, er det høgst sannsynleg politikara­ne i Vinje kommune som avgjer den vidare skjebnen til det populaere turistmåle­t.

KJELDER: Historikk laga av Mildrid Wastling Nilsen, Herman Henriksvee­n: Mogen turisthytt­e 100 år. Artikkel i Årsskrift for Rauland historiela­g 1992

 ??  ?? STORE ENDRINGAR: Store endringar på Mogen sidan dette biletet blei teke i 1921.
STORE ENDRINGAR: Store endringar på Mogen sidan dette biletet blei teke i 1921.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway