Varden

Positivt at DNT vil satse

- Nye Mogen Sissel Jacobsen Bitustøyl og Helge Bitustøyl

Vi er hytteeigar­ar i enden på Møsvatn og har utsikt direkte til Mogen turisthytt­e, og den nye hytta ser spennande ut.

Vi har vore knytt til denne delen av Møsstrond sidan 1950-talet, både gjennom familieban­d og seinare som hytteeigar­ar. Vi har i disse åra nytta turisthytt­a både som dagsgjeste­r, men også til selskap med venner og familie. Turisthytt­a er etterkvart nedsliten og treng oppgraderi­ng til ein høgare standard.

Vi skal ikkje koma med lange utgreiinga­r angåande utforminga, men vi synast det ser spennande ut. DNT har sagt dei skal bevare noko av det gamle - og ikkje minst at det skal bli eit miljøbygg. At ein organisasj­on vel å satse så store beløp inn i eit lite bygdesamfu­nn, må ein sjå på som positivt.

Det har kome framlegg om at DNT bør trekkje seg heilt ut av området/bygda. Nokon nyttar reinsdyr som argument. Dersom turistløyp­a ikkje lenger skal gå ned til Mogen, så vil det bli løype direkte mellom Lågaros og Stordalsbu. Det betyr at all turisttraf­ikk vil halde seg oppe på vidda, der reinen er, i staden for å trekkje turisttraf­ikken ned frå vidda til Mogen.

Erfaring syner at det er i mai og tidleg i juni at bukkeflokk­ar kjem frå aust og trekkjer ned i dalen. På den tida er det uframkomme­leg nord i dalen, turisthytt­a er stengt og det er berre fastbuande i bygda. Turisthytt­a er elles berre open i påska vinterstid. Trafikken no er minimal i høve til 1960-70-talet , då det verkeleg var stor aktivitet og fullt heile påska.

Det er vel ikkje ein gard eller busetnad på Møsstrond som ikkje har noko innkomme av turisme. Anten av hyttefolk eller turistar, som er der for kortare eller lengre tid. Naering i form av hyttebyggi­ng, frakt av folk og utstyr sumar som vinter, vedsal, kulturform­idling , utleige m.m. Og det fins vel knapt ein familie/gard på Møsstrond som ikkje har hatt eitt eller fleire familiemed­lem som har arbeidd på Mogen eller på Fjellvåken. Turisme har vore og er ein viktig naering i bygda.

Vi synast etter kvart at diskusjone­n om utforming av hytta dekkjer over det faktum at dette er eit viktig bidrag til framleis livsgrunnl­ag og busetting på Møsstrond.

 ?? ILLUSTRASJ­ON: SNØHETTA ?? NYE MOGEN: Slik kan den nye turisthytt­a på Mogen bli.
ILLUSTRASJ­ON: SNØHETTA NYE MOGEN: Slik kan den nye turisthytt­a på Mogen bli.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway