Varden

Får kraftig smell

Kraftselsk­apa vil få fleire hundre tusen kroner i auka utgifter etter straumbrot­et i midtfylket sundag. 3.000 abonnentar var utan elektrisit­et i fleire timar.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Heile Bø, Lunde og Gvarv blei ramma av straumstan­sen som skuldast mange trefall i den kraftige vinden.

Bø sentrum fekk igjen straumen etter vel seks timar medan andre delar av bygda var straumlaus­e i elleve timar.

Største smellen

– Kraftselsk­apa vil få ei rekning på fleire hundre tusen kroner. Me kan førebels ikkje konkretise­re beløpet naermare. I dette tilfellet er det Skagerak Nett som får den største kostnaden, opplyser adm. direktør Jon Arne Mørch Jonassen i Midt-Telemark Energi til Varden.

Når straumen uteblir, må selskapa betala kompensasj­on for ikkje levert straum - på fagspråket kalla KILE-kostnader.

Veldig spesielt

MTE-sjefen opplyser at det byrja med fleire småfeil på føremiddag­en, før den store smellen kom rundt klokka 14.10.

– Da fall det eit stort tre over Eika trafostasj­on langs Lundevegen. Trefallet «kortslutta» heile anlegget. Eg har ikkje vore borti noko liknande her oppe tidlegare, så dette er veldig spesielt, fortel Jonassen vidare.

Ifølgje MTE-sjefen hadde kraftselsk­apet totalt 15 personar i sving for å utbetre feila og betene publikum som ringde inn.

– Det var så det koka på telefonen her. Eg forstår folk, så det er berre å beklage, men alle mannskapa gjorde sitt beste. Vinden blei målt opp i over 20 sekundmete­r som er sterk storm. Det datt også eit tre over ein av bilane våre, så me måtte prioritere tryggleike­n til mannskapa i den vanskelege situasjone­n, seier MTE-sjefen.

Godt nett

Han seier at trefalla vil påføre Midt-Telemark Energi auka driftskost­nader.

– No er det laga ein del provisoris­ke opplegg for at folk skulle få straumen raskt tilbake. Arbeidet med utbetringa­r vil ta fleire veker, seier Mørch Jonassen.

Han seier at MTE har eit godt linenett. Selskapet investerer kring 20 millionar kroner i året - av dette er åtte millionar til reinvester­ing og vel tre millionar kroner til nye liner.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? REPARERTE: Jan Andersson (f.v.), Lars Ekornrød og Zaki Mohammadi reparerte gjerdet rundt Eika trafostasj­on måndag ettermidda­g.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES REPARERTE: Jan Andersson (f.v.), Lars Ekornrød og Zaki Mohammadi reparerte gjerdet rundt Eika trafostasj­on måndag ettermidda­g.
 ??  ?? TRØBBEL: Desse trea fall inn i trafostasj­onen i Bø.
TRØBBEL: Desse trea fall inn i trafostasj­onen i Bø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway