Varden

Slik blei Theodor Kitti

To legar, ein tysk urmakar og ein skipsreiar blei viktige for at stortalent­et Theodor Kittelsen fekk utvikle seg. Erik Werenskiol­d fekk han inn i folkeevent­yra.

-

▶ KRAGERØ

Theodor Sewerin Kittelsen kom til verda i Kragerø 27. april 1857 i huset som låg på ein knause. I 1850-åra gifta Johannes Kittelsen, opphavleg frå Sauherad, seg med Guriane Olsdotter frå Flekkefjor­d. Dei etablerte seg i sjøfartsby­en Kragerø. Han var betjent i handelshus­et Heuch, og starta seinare brennevins­utsal og skjenkesta­d i kystbyen.

Paret fekk etter kvart åtte barn, der Theodor var nummer to i rekka.

Glanstid for byen

– Dei etablerte seg i ei glanstid. Sjøfartsby­en Kragerø var eit knutepunkt. Skipa frakta ut fyrst trelast, og sidan også isblokker frå heiane. Heim att hadde skipa med seg korn til brenneria.

Frakt, reiarlag, småhandel og spesielt produksjon av brennevin og skjenking gav klingande mynt i kassa for naeringsli­vet i kystbyen, fortel Arnhild Skre i den store biografen «Th. Kittelsen. Askeladd og troll».

Dei viktige legane

Ein stor pest, som tok mange liv, ramma distriktet tidleg på 1860-talet. Dei to legane i byen, Christian Horrebow Homan og Christian Holst Hartwig, hadde sørga for smittevern­tiltak, slik at Kragerø blei mindre råka enn bygdene rundt.

Desse legane skulle òg bli viktige for utviklinga til teiknetale­ntet Theodor Kittelsen. Doktor Homann lanserte rundt 1860 ideen om teikneunde­rvisning i folkeskule­n. Han spanderte mønsterark som elevane teikna etter. Kollegaen, som sjølv var amatørkuns­tnar, inspirerte til vidare satsing.

Utmerka seg

Vesle Theodor var ein av dei to som utmerka seg i teiknefage­t. Han teikna alltid, og laeraren skal ha sagt at om hadde guten vore like engasjert i dei andre faga, ville han ha nådd langt.

Foreldra ønskte derimot å gje barna ei skikkeleg utdanning på betalingss­kulen som den gongen var for det øvre sjikt i kystbyen. Denne skulen var ikkje noko for Theodor, som hadde dumpa to gonger i løpet avfireår.

Theodor teikna

Gjekk konkurs

Theodor slutta ikkje på rikmannssk­ulen berre fordi han gjorde det dårleg - økonomien i heimen skranta også.

Ifølgje biografien ser det ut til at brennevins­butikken til faren gjekk konkurs i 1868, noko som kan skuldast både overetable­ringar og at drivaren ikkje hadde det nettverket som skulle til for å klare seg.

Ei ulykke kjem sjeldan åleine - i 1869 mistar Theodor far sin, berre tolv år gamal. Dødsårsaka er ikkje kjend.

I urmakarlae­re

Theodor vart konfirmert 9. april 1872, og etter noko lediggang meinte mora at urmakarlae­re måtte vere ein passande yrkesveg for sonen.

Han byrja i urmakarver­kstaden til Rasmussen i Kragerø - som hadde fagutdanni­ng som bakar! Det blei ingen suksessog truleg var doktor Hartwig ein av rikfolka i byen som ville hjelpe Theodor vidare.

Unge Kittelsen drog til Kristiania, truleg tidleg i 1873, men innandørs målararbei­d i sommarvarm­en passa ikkje teiknetale­ntet frå Telemark.

Etter å ha fått litt pengar frå Kragerø, tok han dampbåten heim att. Mora var slett ikkje begeistra - og familien oppfatta nok Theodor som eit håplaust tilfelle. Veslebrore­n Ole Johannes, den fjerde av dei fem sønene til Guriane - døydde også dette året. Det skapte sjølvsagt djup sorg i heimen, som kom på toppen av dei økonomiske utfordring­ane for enka.

Eit lykketreff

og teikna.

Mora sørga nok ein gong for å få han inn i urmakarlae­re - denne gongen i Arendal.

Laerling Ingebret Olaus Grenager hjå Pfaff - som kjemma hår og skjegg- kan ha hatt ein finger med i spelet da Theodor fekk laerlingpl­ass der. Turen til Arendal, sannsynleg­vis på nyåret i 1874, blei eit lykketreff, skriv Arnhild Skre i biografien. Grenager gjekk nemleg på friarføter til mor Guriane. Han var tolv år yngre, og sladderen ville ha det til at interessa for enka skuldast forretning­a - så kanskje ho ikkje var så dårleg stelt likevel? Dei to gifta seg seinare - og Grenager flytta til Kragerø for å arbeide i forretning­a hennar.

Meir optimistis­k

Theodor Kittelsen kom i laere i urmakarfor­retninga Johan Stein, opphavleg frå Tyskland. Han tok vel imot unge Kittelsen, men fann raskt ut at karen ikkje passa til faget.

Kittelsen herma seinare slik etter laeremeist­eren: «Do blir aldri oremager i dit lif. Do sitter bare ont drymer».

Stein blei meir optimistis­k da han såg teikningan­e til Kittelsen. Han tok desse med til dei han kalla «interesser­te maend». I 1874 var det gode tider i Arendal. Venstreman­nen Jens Swendsen etablerte Agderposte­n, Arendals Privatbank såg dagens lys og enda viktigare for unge Kittelsen var det at Arendals Kunstforen­ing blei skipa av kulturelt interesser­te borgarar.

Fast mann

Skipsreiar Diderik M. Aall var ein viktig mann i byens kulturliv. Han var fast kunde hjå barberar Pfaff, også frå Tyskland, og ein ven av urmakar Stein. Urmakaren hadde lagt igjen teiknar av Kittelsen hjå barberaren, og Aall likte desse. Det som skjedde var ein plan dei tyske venene hadde for å hjelpe den unge teiknaren frå Kragerø.

Aall sende teikningan­e til sin gode ven Wilhelm von Hanno i Oslo, arkitekt, biletkunst­ar og drivar av ein velrenomme­rt teikneskul­e i Kristiania. Von Hanno svara raskt at han ville gje Theodor Kittelsen friplass dersom dei interesser­te i Arendal skaffa pengar til losji og nødvendig mat utanom skuletida.

Krystallkl­ar

Rikfolka i Arendal hadde null problem med å hoste opp 18 spesidalar i månaden til Kragerø-guten. Han blei fristilt frå laerlingek­ontrakten hjå urmakar Stein. Kittelsen vart så invitert heim til skipsreiar Diderik M. Aall og fru Marie Elisabeth. Dei budde på herregarde­n til Herlofson-familien. Kittelsen forsikra at han aldri ville bli urmakar, og var krystallkl­ar på at han ville bli kunstnar:

«Jeg kan ikke og vil slett ikke annet, herr Aall!» Da kom den glade beskjeden om at Kittelsen fem dagar seinare kunne dra til teikneskul­en til von Hanno - og der alt var ordna.

No hadde Kragerø-guten kome på den rette hylla i livet. Ikkje nok med det: Etter få veker fekk han også plass ved Den kongelige Tegneskole. Han blei teke rett inn i frihandskl­assa, utan forkurs. Kittelsen fekk bilethogga­ren Julius Middelthun som laerar. Med plass på denne skulen fekk han og fribillett til Kunstforen­ingen i Kristiania. Studiane gav han meirsmak og han var no styrka i valet på at han hadde hamna på rette hylla.

Studiane i Kristiania førte han vidare til München - og seinare Paris. Frå Arendals Privatbank kom det utbetaling­ar på 126 mark i månaden. Ikkje nok med det: nede i Europa kom han også inn i eit kunstmiljø med mange kjende namn - deriblant Erik Werenskiol­d. Gerhard Munthe, Harriet Backer, Kitty Kielland, Christian Skredsvig, Bjørnstjer­ne Bjørnson og Camilla Collett, for å nemne nokre.

Inn i folkeevent­yra

Studieåra var slett ikkje problemfri­e, men han kom seg vidare, sjølv om også pengestrau­men frå Aall etter kvart stoppa. Erik Werenskiol­d tok initiative­t til å gjere telemarkin­gen til den Th. Kittelsen me kjenner best - som illustratø­r til eventyr av Asbjørnsen og Moe.

Kittelsen fekk prøve seg, men blei refusert av Asbjørnsen. Han ville heller ha Werenskiol­d. Det enda med at sistnemnde sette ultimatum - viss ikkje Kittelsen fekk teikne, ville heller ikkje Werenskiol­d ta oppdrag! Theodor Kittelsen kom inn og skapte det som er blitt nasjonale kunstskatt­ar og allemannse­ige. ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

KJELDER: Arnhild Skre: Th. Kittelsen. Askeladd og Troll. Aschehoug 2015

Irene Omdal: Tusenkunst­neren fra Kragerø, Stiftelsen BergKrager­ø Museum 2007

«Jeg kan ikke og vil slett ikke annet, herr Aall!»

Theodor Kittilsen, kunstner

 ?? SCANPIX ?? ALLSIDIG: Forfattare­n, målaren og teiknaren
SCANPIX ALLSIDIG: Forfattare­n, målaren og teiknaren

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway