Varden

Vil Erna og Siv avvise rettmessig­e erstatning­ar?

- Halvor Vasshus Rauland

Eit såkalla ekspertutv­al - utnemnd av Siv Jensen, vil straffa kommunar som i årtider har levert rein kraft til heile landet.

Utvalet vel ta frå vassdragsk­ommunar avtalte inntekter for store naturinngr­ep med neddemde landområde og tørrlagde elvar, og samstundes sjå bort frå den samfunnsko­ntrakta som skulle gje varige inntekter - for nettopp varige naturinngr­ep.

Tidlegare stortingsr­epresentan­t Ingvald Godal frå Høgre, nyleg gått bort, var oppteken av at kommunar som måtte ofre mykje av sin natur - skulle samarbeide og samle kunnskap om konsekvens­ar av regulering­ane og stå samla i forsvaret av varige rettar som vart lova; før under og etter utbygging. Landssaman­slutninga av vassdragsk­ommunar (LVK) vart på det grunnlag etablert.

Siv Jensen demonstrer­te sin forakt for distrikta ved å halde LVK utanfor sitt såkalla ekspertutv­al og på den måten hindre motforesti­llingar til einsidig økonomiske interesser målt frå Oslo, og på den måten overkøyre dei som for alltid må leva med ulempene som til dømes med Møsvatn som kan variere vasstanden med vel 18 m - og alle tørrlagde elvar rundt om i landet som er naudsynte for å skape vekst for storsamfun­net.

Den ulempesers­tatninga vassdragsk­ommunane vart tilkjent og som vart stadfesta av Stortinget – skulle koma direkte frå «verdikjeld­ene» les regulering­ane - utan å bli dregen inn av staten for deretter gjennom byråkratis­ke ordningar bli dela ut att etter skiftande politisk innfall. Om dette skjer, må ein berre registrere at signala frå distrikts-noreg ved valet i haust ikkje ein gong er registrert av Erna og Siv, arrogansen rår og alt skal styrast frå Oslo med jernhand. Ein får berre vone at Venstre og KrF vil vise ansvar og ta omsyn til tidlegare inngåtte avtaler - der i prinsippet erstatnnin­gar skal vare like lenge som ulempene med regulering­ane varer.

Den uvissa dette skaper gjer nok heller ikkje bygging av vindkraft lettare å gjennomfør­e.

 ??  ?? PRODUKSJON: Det er i distrikta elkrafta det no er strid om produseras­t, her frå Tokke.
PRODUKSJON: Det er i distrikta elkrafta det no er strid om produseras­t, her frå Tokke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway