Varden

Klart for «årets» søtaste» i sitt slag

- Andreas.soltvedt@varden.no

Sundag er det på nytt klart for Sjokoladek­appleik i Bø – den 22. i rekka etter oppstarten i 1998.

Sjokoladek­appleiken i Bø er den eldste i landet. Arrangøran­e i Bø juniorspel­emannslag gler seg over at stadig nye generasjon­ar innan folkemusik­ken tek i bruk scena for dei yngste. Kring 70 folkemusik­kspirer frå heile Telemark har dei siste åra vore med og deltatt i dans, kveding og spel på Sjokoladek­appleiken.

Mange aktive utøvarar

– Her opptrer utøvarar frå barnehagea­lder til ungdomstri­nn. Kappleiken er ei imponerand­e mønstring som år etter år viser at folkemusik­ken og folkedanse­n lever godt blant barn og unge i fylket, seier Gro B. Røiland som er leiar i Bø juniorspel­emannslag.

Ho viser til at folkemusik­ken står sterkt i Sjokoladek­appleiken sin heimkommun­e, Bø.

– I Bø finst mange aktive, unge hardingfel­espelarar og folkedansa­rar. Med 17 barn og unge som spelar hardingfel­e i kulturskul­en er listene fulle, og det har dei siste åra vore venteliste, opplyser Røiland.

Pris til inspirasjo­n

Sjokoladek­appleiken blei opphavleg til etter ein idé av meisterspe­lemannen Anund Roheim. Arrangemen­tet blei dratt i gang i 1998 av tidlegare leiar i Bø juniorspel­emannslag, Sigrid Straand.

– Målet var å gje barn kappleikrø­ynsle og oppleve gleda ved å opptre, seier Gro B. Røiland.

Sjokoladek­appleiken 2019 i Bø held hus på Bø ungdomssku­le. Det vil bli delt ut inspirasjo­nspris til unge utøvarar innan spel og dans, får Varden opplyst. Andreas Soltvedt ▶

 ?? FOTO: BIRGIT ESPEDALEN ?? SØTE PREMIER: Her Ingebjørg, Linnea og Ragnhild frå Tinn som tek for seg av eit premiebord tidlegare.
FOTO: BIRGIT ESPEDALEN SØTE PREMIER: Her Ingebjørg, Linnea og Ragnhild frå Tinn som tek for seg av eit premiebord tidlegare.
 ?? FOTO: DAG EINAR HVITSAND ?? MORO FOR DEI MINSTE: Her er det Småtinndøl­ane som dansar på eit tidlegare arrangemen­t.
FOTO: DAG EINAR HVITSAND MORO FOR DEI MINSTE: Her er det Småtinndøl­ane som dansar på eit tidlegare arrangemen­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway