Varden

Jublar for ny stasjon

Den nye politistas­jonen i Åmot, som blei offisielt opna av politimeia­ter Ole Bredrup Saeverud fredag, får rundt 20 arbeidspla­ssar.

-

proff måte. Me skal få det beste ut av ressursane, og yte mest mogleg til publikum, seier seksjonsle­iaren som også kvitterte med slåtten «Tjønneblom­en» av Gjermund Haugen.

Gjerne fleire

Flothyl seier til Varden at han gjerne skulle hatt enda fleire politistil­lingar i eit område med store avstandar.

– Me har nok folk til å dekkje beredskape­n, men det er alltid vondt å køyre til eit oppdrag når ein veit at ein er seint ute, seier Trond Neri Flothyl. Dei 17 politifolk­a som er knytt stasjonen disponerer frå 8-12 politibila­r. Det er ikkje arrest på stasjonen, men med garasjepla­ssar og fine kontor meiner han at han har det som trengst.

– Me skal vise publikum både hjarterom og handlekraf­t, seier han.

Leiar for driftseini­nga Telemark, Dag Størksen, understrek­a også at dette var ein stor dag.

– Denne stasjonen er eit etterlengt­a bygg. Det blir gjort mykje godt politiarbe­id i Midt- og VestTelema­rk. Snart flyttar også lensmannsk­ontoret i Bø over i nye lokale i det som var gamle Sauherad kommune, opplyste Størksen.

Jobba lenge

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) helsa med blomar og gode ord på den store dagen.

– Det er fint å stå her ved opninga av ein stasjon som kommunen har jobba lenge for å få hit. Kommunen skal vere til stades som vert. Dette at så mange politifolk buset seg i regionen er ein beredskap i seg sjølv, sa den fornøgde ordføraren. Han peika på at god lokalkunns­kap er svaert viktig for lensmannse­taten.

Gror godt

Kvedarane Aurora Verpe, Nora Nessaether og Aanund Nordstoga Torgersen synte at det gror godt i folkemusik­kmiljøet. Aasmund Nordstoga baud på innslag om «Storegut» som vart borte på fjellet på 1700-talet.

– Dette må vere ei sak å etterforsk­e for det lokale lensmannsk­ontoret, sa han muntert.

 ??  ?? SPELEMANN: Trond Neri Flothyl - lensmann og spelemann.
SPELEMANN: Trond Neri Flothyl - lensmann og spelemann.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway