Varden

Satsa millionar, mistar levebrødet

Satsa seks millionar på pelsdyr

- Tekst: Halvor Ulvenes Foto: Fredrik Pedersen

▶ Arnt Erik Evja og kona Janne Løvlie Rønneberg satsa nesten seks millionar kroner på produksjon av pelsdyr. Eit forbod mot slik drift gjer at paret mistar dette levebrødet.

– Eit paradoks at det er lov å kjøpe pels i Noreg, men ikkje produsere den, seier den 35 år gamle bonden. Han ser ikkje veldig lyst på framtidsut­siktene.

Venstre fekk pressa gjennom dette i regjeringa. For meg blir det veldig rart at ei lovleg naering skal bli forbode. Det er lovleg å kjøpe pels - men ikkje produsere den. Eit paradoks, meiner 35-åringen, der han filosofere­r over framtida for eigedomen sin Grimstveit i Nissedal.

Stor eksportnae­ring

– Seljarane kan halde på, for pels er ei lovleg naering i nabolanda. Pelsdyr har vore svaert viktig for distrikta. Da eg kjøpte garden i 2013, var eksportinn­tektene for Nissedal på kring ti millionar kroner, fordelt på seks oppdrettar­ar. No er det berre tre igjen her i kommunenog me er dei einaste i Telemark. Sjølv har eg 1.300 tisper, legg han til.

– Føler du at omverda ser på pelsdyropp­drett som dyremishan­dling?

– Ja, det er hets og mobbing. Folk klarer å lire av seg det heilt utrulege. På ein plansje som blei lagt ut på nettet, var bodskapen slik: «Slepp dyra fri - drep bonden». Mange har eit forhold til små, søte dyr i bur, men det er ikkje veldig moro med slike trugsmål. Det er viktig ikkje å la det gå inn på seg. Sjølv er eg sertifiser­t av sju instansar for å drive med pelsdyr, og eg har stadig inspeksjon­ar av drifta. Fyrste året var det tre besøk - no er deteitt i året.

Paradoks

Han finn det underleg at nokre aktivistar sjølv går med pels i demonstras­jonstog.

– Politikken med styrt avvikling av naeringa er ein konsekvens av den velstanden me har her i landet. Det kan gå litt for langt på einskilde område, noko som vil gjere det vanskeleg å drive lønsamt framover. Produksjon­en av fôr til pelsdyr er rasert, noko som medfører auka driftskost­nader for oppdrettar­ane.

Misforhold

Arnt Erik Evja føler elles at det er eit veldig misforhold i kravet til dyrevelfer­d samanlikna med andre produksjon­ar i landbruket.

For meg blir det veldig rart at ei lovleg naering skal bli forbode. Det er lovleg å kjøpe pels - men ikkje produsere den.

Arnt Erik Evja

– For ein okse på 220 kilo er arealkrave­t 1,8 kvadratmet­er. Ein mink på tre til fire kilo har 0,4 kvadratmet­er. Dyr som står i bur appellerer ikkje til dagens samfunn. Eg får òg klare meldingar frå vener om produksjon­en min. Dyra får sår og skader i periodar, og det er faktisk ikkje mogleg å ale bort den naturlege åtferda- instinktet kjem tilbake. På den andre sida har eg stått mange år på stand på Dyrsku`n - der har eg ikkje høyrt eit vondt ord, seier 35-åringen.

Voks opp i byggefelt

Han bur på garden saman med kona Janne Løvli Rønneberg og dei to små barna deira - på tre år og tre veker. Sjølv voks Arnt Erik opp i byggefelt i Nissedal, men faren dreiv med sau på Fjone. Han måtte over med båten to gonger om dagen for å stelle dyra.

Arnt Erik tok treårig agronomutd­anning på Søve, der 19-åringen var ferdig med siste eksamen i 2003. Dette året starta han òg med 30 vinterfora sauer i eit leigd fjøs i Nordbygda i Nissedal. Han hadde desse dyra og full jobb på takstolfab­rikken i Nissedal, før pelsdyropp­drettar Torgeir Grimstveit hyra han inn som avløysar i full stilling i 2007.

Kjøpte garden

Denne garden har lange tradisjona­r i naeringa. Ingvald Grimstveit, far til Torgeir, starta med rev i 1935. Tjuge år seinare vart produksjon­en lagt om til mink, og slik har det vore sidan på denne eigedomen i Nissedal.

– Torgeir dreiv med kring 900 tisper. Ingen av barna hans var interesser­t, så eg fekk tilbodet om å ta over eigedomen på 2.500 dekar frå 1. januar 2013. Den har 31 dekar med dyrka mark, kring 600 mål med skog og resten er hei, fortel Nissedal-bonden.

Han kjøpte sjølve garden for 4,2 millionar pluss buskap og maskiner for 1,1 millionar kroner. I tillegg har han oppgradert anlegget med pelsdyr for kring 600.000 kroner. Pelsdyr med 1.300 mink er hovudnaeri­nga. I tillegg har han ni ammekyr med foring av kalvane fram til deikan sendast på slakteriet. 30 vinterfora sauer er eit tredje bein som bonden støttar seg på. Han driv no alt grasareale­t i denne grenda.

Plomma i egget

Trass i at styresmakt­ene har vedteke avvikling av pelsdyrnae­ringa, angrar ikkje Arnt Erik på kjøpet.

– Eg kjøpte garden for å vere bonde på heiltid, og synest eg har det som plomma i egget. Eg treng ikkje vere her klokka 06 om morgonen, og kan køyre dottera vår i barnehagen. Det synest eg er ein veldig luksus, og så har eg hatt veldig fine år med drifta her. Han synest likevel at politikken har vore vinglete.

– I 2017 fekk me tommelen opp - året etter skulle naeringa avviklast. Eg visste at det var usikkerhei­t da eg tok over garden for sju år sidan, men drøymde ikkje om at det skulle bli ei så kjapp ei avvikling av naeringa.

– Kva kan du seie om erstatning­sordninga?

– Den er elendig. Når eg sluttar med pelsdyr om fem år, kan eg hanke inn 700.000 - 800.000 kroner. For ein bonde i Rogaland som har investert 13 millionar kroner, blei det lønsamt å slutte no. I dag er lønsemda dårleg, men det er håp om at skinnprisa­ne vil stige framover på grunn av mindre produksjon i verda. Eg håpar dette kan få meg på beina økonomisk.

Vanskeleg å vite

– Tankar om framtida?

– Eg ser ikkje veldig lyst på situasjone­n, for det er vanskeleg å vite kva eg skal finne på framover. Svigerfar min har ein gard i Hof i Vestfold med 130 dekar dyrka mark og 900 dekar skog. Janne er odelsjente, men eg trur nok at me blir her oppe. Eg har ikkje noko relevant utdanning til andre yrke, og har vore sjølvstend­ig naeringsdr­ivande. Høner og ammekyr er eit alternativ her, men det blir fort nye investerin­gar på 10-15 millionar kroner. Desse kan eg ikkje gå i gang med før dagens produksjon med mink er avvikla.

Einaste bonden

35-åringen er no einaste bonden igjen i grenda Grimstveit, der det bur åtte familiar.

– Min jobb er å pleie kulturland­skapet. Eg håpar at hytteturis­tane set pris på at jorda blir haldne oppe, avsluttar Art Erik Evja.

 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ??
FOTO: FREDRIK PEDERSEN
 ??  ?? MINKAR: Arnt Erik Evja er ein av tre som driver med pelsdyr i Nissedal.
MINKAR: Arnt Erik Evja er ein av tre som driver med pelsdyr i Nissedal.
 ??  ?? GARDEN: Folk blir invitert til å sjå på produksjon­en på Grimstveit.
GARDEN: Folk blir invitert til å sjå på produksjon­en på Grimstveit.
 ??  ?? ANLEGGET: I dette anlegget har bonden 1.300 tisper.
ANLEGGET: I dette anlegget har bonden 1.300 tisper.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway