Varden

Kutta støtte til skuletur

-

oss eit godt innblikk i det som hende med jødane under krigen, seier elevane.

Jobba dugnad

– På bakgrunn av det me oppfatta som ein lovnad har også foreldra i klassa vår organisert dugnad og samla inn kring 63.000 kroner til turen. Nyleg fekk skulen beskjed om at me ikkje får kommunal støtte, så me manglar derfor 100.000 kroner. Me føler oss derfor lurt av kommunen. Me synest politikara­ne kunne venta med å trekke støtta til neste år, eventuelt gjeve oss halve beløpet, legg elevane til.

Kan straffe seg

Dei to elevane meiner kommunen med slik politikk vel vekk ungdomen.

– Kommunen har vurdert kutt i kulturskul­en og stenging av bassenget. Dersom dei ønskjer at me skal flytte tilbake til bygda etter enda utdanning, må kommunen ha gode tilbod. Med denne politikken verkar det som dei jagar oss vekk, seier Aakre og Øverland.

Mykje førebuinga­r

Kontaktlae­rar for dei to elevane, Agnethe Andersen, fortel at elevane i 10. klasse før turen jobbar tverrfagle­g med krigen.

– Desse turane har elevar her ved skulen hatt glede av gjennom mange år. Opplegget er viktig i ei tid de ein ser frammarsj av nynazisme og jødehat, seier ho.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) møtte jentene fredag ettermidda­g.

– Desse turane har ikkje vore i tråd med gratisprin­sippet. Det er elevar som har måtta sitje heime av økonomiske grunnar. Slik kan me ikkje ha det. Eg vil ta opp saka med administra­sjonen, men kan ikkje love meir pengar, seier Beate Marie Dahl Eide.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway