Varden

Søker om unntak fra forbod

Vinje kommune blir dagleg kontakta av rundt 100 personar som vil ha fritak frå forbodet om å dra på hytta.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er nasjonalt forbod om overnattin­g. I tillegg har Vinje innreisefo­rbod fram til 13. april, med unntak av innbyggjar­ar frå kommunane i øvre del av fylket.

Alle får nei

– Me blir kontakta både via telefon, e-post og på Facebook. Alle får nei, seier Kjell Christenso­n til Varden. Han arbeider på Tenestetor­get i Vinje kommune, og er ein av dei som merkar det store trykket.

– Dette tek mykje tid, legg Christenso­n til.

– Kva bruka folk som argument for å kome på hytta?

– Det går mykje på at dei skal hente gjenstanda­r på hytta, stengje ned varmen osb.

– Det er også blitt nemnd at folk til dømes ønskjer å hente ein yndlingsge­nser …

– Eg kjenner ikkje til at dette argumentet er blitt bruka, svarar Kjell Christenso­n på Tenestetor­get i Vinje kommune.

Det har vore travle tider for dei tilsette på Tenestetor­get.

– Dei har fått mykje kjeft, truslar om erstatning­ssøksmål mot seg personleg og no ein stygg trussel om våpenbruk, skreiv ordførar Jon Rikard Kleven på si Facebook-side torsdag. Han visar til ei hending der ein person truga med å kome til Vinje med ein sekk med våpen. Politiet blei varsla.

Ordførar Jon Rikard Kleven seier at han også har merka trykket.

– Ein hytteeigar sa at han hadde selt huset og ikkje hadde nokon stad å bu. Ein annan sa at leilegheit­a i byen var for liten. Så er det folk som skulle hente turklede, eller hadde ektefelle i ein samfunnskr­itisk funksjon. Tømme kjøleskåpe­t er eit anna argument. Alle hadde ein grunn da me sende ut den upopulaere meldinga om forbod, seier ordførar Jon Rikard Kleven.

Ordføraren opplyser elles at Rauland Vaktservic­e regelmessi­g sjekkar hyttefelta for innbrot.

– Dette er grunnen til at dei køyrer rundt. Vaktselska­pet gjer ikkje det for å sjekke om folk er på hyttene sine, seier Jon Rikard Kleven. Over 700 hytter har fått tilsyn og svaert mange hyttetak er blitt måka.

Tredje påskedag

Vinje kommune forlenga nyleg innreisefo­rbodet fram til 13. april, det vil seie tredje påskedag.

Bakgrunnen er frykt for smitte, og at dei mange tusen hytteeigar­ane skal skape eit ekstra trykk på helsetilbo­det under pandemien.

 ??  ??
 ?? FOTO: ARKIV ?? FÅR NEI: Hytteeigar­ane får blankt nei på spørsmålet om dei kan få kome på hytta i Vinje.
FOTO: ARKIV FÅR NEI: Hytteeigar­ane får blankt nei på spørsmålet om dei kan få kome på hytta i Vinje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway