Varden

Villreinen treng ro og plass

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar og MDG-politikar

Daverande miljøvernm­inister Erik Solheim ville i si tid bruke 11 millionar kroner for å sikre framtida for villreinen i norsk natur.

Tre av desse millionane skulle nyttast til arbeidet med nye fylkesdelp­lanar (regionale planar etter plan- og bygningslo­va) for villreinom­råda utanfor nasjonalpa­rkane som har eigne forskrifte­r. Fleire av desse planane er forlengst vedteke med konsensus av dei berørte fylkeskomm­unane. Det gjeld Hardangerv­idda (Buskerud, Hordaland og Telemark), Rondane – Sølnklette­n (Hedmark og Oppland) og Ryfylkehei­ane - Setesdal Aust- og Vesthei. Korleis det ligg an med planproses­sane i Nordfjella, Ottadalsom­rådet og Snøhetta, er meir usikkert.

Erfaringan­e så langt, i alle fall med planane som er omfatta av deler av Telemark, som eg kjenner best, fordi eg var med i referanseg­ruppene, dvs. Hardangerv­iddaplanen og planen for Setesdal Austhei og Vesthei, samt Ryfylkehei­ane, den såkalla «Heiplanen», viser at usemja var størst når det gjaldt fastsetjin­g av villreinen­s naturlege leveområde. Dei tema som skulle vegast opp mot kvarandre i planane var villrein, friluftsli­v/ rekreasjon og naering. Her var det ein dragkamp mellom naeringsin­teressene, til ein viss grad friluftsli­vets interesser og villreinen­s behov, fordi alle desse interessen­e skulle takast omsyn til.

Naeringsin­teressene pressa på for å få størst mogleg område til naeringsut­vikling, serleg turisme, dvs. hyttebyggi­ng, ved å krympe villreinom­råda mest mogleg. Til dømes ville enkelte ikkje rekne dei livsviktig­e vårbeiteom­råda, der reinen er i ein kort periode for å feite seg opp etter ein hard vinter, for reinens leveområde. Andre hevda at dei austlege lavområda, som tidvis er fri for reinen på grunn av tidlegare nedbeiting, for alltid har gjenge ut av bruk som vinterbeit­e, og som derfor kan byggjast ut og ha vinteropne vegar, slik som riksveg 7 over Hardangerv­idda, Imingfjell­vegen og Suleskarve­gen. Dette trass i at ein burde vite at villreinen kjem tilbake hit når lavmatta har grodd til att eller når vegane ikkje blir vinteropne. Denne heilt naturlege og livsviktig­e beiterotas­jonen hjå villreinen synest å vera gløymd eller neglisjert i iveren etter å tilkjempe seg mest mogleg «naeringsar­eal».

Nå skal desse for villreinen­s ve og vel viktige planane reviderast. Men i staden for innskjerpi­ng til beste for villreinen, som flytting av turisthytt­er og stenging av stiar og løyper, skjer det stikk motsette. Deler av randsonene i villreinom­råda skal få ein slags dobbeltfun­ksjon som til dømes støylsområ­de og friluftsar­eal, der det kan opnast for hyttebyggi­ng og der det som minner om masseturis­me kan foregå. Og tett opp til grensene for villreinen­s leveområde blir det høve til meir og tyngre turistutby­gging, som sjølvsagt vil ha uheldig influens på villreinen på andre sida av «grensa». Slike «grenser» utan buffersone­r er i det heile meiningsla­ust.

Hadde det ikkje vore for at desse regionale fjellareal­a er villreinom­råde, ville dette planarbeid­et ikkje blitt initiert frå Miljøvernd­epartement­et (MD). Det burde bety at villreinen­s «legitime» behov for størst moglege inngrepsfr­ie og rolege leveområde må prioritera­st i dette planarbeid­et vidare. Dersom MD ikkje ser til at dette blir resultatet i fylkeskomm­unanes revisjonsa­rbeid, er dei tre millionane som blei øyremerkte midlar til denne planleggin­ga og seinare revisjonen, og i tillegg dei andre åtte millionane til andre tiltak (utvikling av villreinse­ntra på Hjerkinn og Skinnarbu og kunnskapsp­rosjekt om villrein i Snøhetta-området) bortkasta pengar. I så fall er det eit paradoks når Erik Solheim uttala at han ville ha større plass for villreinen.

Frå seinare klima- og miljøminis­trar nå i den blågrøne regjeringa, har det naturleg nok ikkje kome signal om oppfølgjin­g i denne viktige saka.

 ?? FOTO: PAUL KLEIVEN, SCANPIX ?? UNDER PRESS: Erfaringan­e frå planproses­ser er at naeringsin­teressene presser på for å kunne bygge ut i villreinom­råda, skriv Jon Ingebretse­n.
FOTO: PAUL KLEIVEN, SCANPIX UNDER PRESS: Erfaringan­e frå planproses­ser er at naeringsin­teressene presser på for å kunne bygge ut i villreinom­råda, skriv Jon Ingebretse­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway