Varden

Kan bli et toppår for kornbønden­e

Det kan bli eit gullår for kornbønden­e i Telemark. – Vêret har så langt vore perfekt, seier Christian Ramberg på Uvdal i Bø.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Han synest åkrane med vårkorn ser heilt fenomenale ut.

– Det er sjeldan eg har sett så fine åkrar i heile kommunen vår som no. I år har nedbøren kome heilt som bestilt. Eg må likevel seie at ein kan ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten. Me er også avhengig av gode forhold i innhaustin­ga, seier 36-åringen som har drive med slik produksjon sidan 2004.

Han tok over Uvdal i 2016, eigedomen som vert rekna som sjølve kongsgarde­n i bygda.

Har 1.000 dekar

Det er fredag ettermidda­g, og den svaert dugande bonden ruslar i åkrane sine langt inne i Eikjabygda.

Uvdal har kring 300 dekar med dyrka mark, men han driv totalt tusen dekar ved å leige fleire bruk. Christian har i år 800 dekar med korn og 200 dekar med frø.

Av korn har han bygg, vårkveite, haustkveit­e og rugkveite. Sistnemnde blei sådd i haust og det er fyrste gongen han har dette slaget. Åkeren ser svaert flott ut.

– Det er moro når vêret har vore så bra heile vegen. Kornbønden­e treng nokre slike år, for alle innsatsfak­torane i produksjon­en blir dyrare, seier han, vel vitande om at også denne type produksjon er svaert vêravhengi­g.

Han meiner at den intense varmen no i juni ikkje slår negativt ut.

— Det er fuktig i jorda, så eg trur dette blir kjempebra. I år har det også vore lite angrep på kornet av både sopp og insekt, seier han.

Grei inntening

– Kva med lønnsemda?

– Den er grei, men det må vel vere lov å seie at innteninga på korn kunne vore betre, svarar bonden på Uvdal.

Han trur at innhaustin­ga av korn startar fyrste veka i august, medan treskinga av frø er kring tre veker unna.

– Blir det tid til ferie i år? – No er me stort sett ferdig med behandling av åkrane, så det blir litt fritid fram til treskinga, avsluttar Christian Ramberg.

Lange tradisjona­r

36-åringen sit på ein gard som i alle fall har tradisjona­r frå 1398. Da heitte bruket Updalum — og det tyder ein gard høgt (langt) oppe i dalen. I ulike år frå 1528 til 1665 er namnet skrive Opdall - i 1723 er skrivemåte­n Opdahl.

I Raudeboka frå 1398 blir Glør Arneson nemnd da ha gav to laup land av Uvdal til prestegjel­det i Bø. Arneson var ein kakse som eigde mykje jord både i Vestfold og midtre delar av Telemark. Kona hans Jorunn var frå Maela ved Skien, dotter av riksråd og sysselmann i Råbyggjela­get, Niklas Sveinsson Galle.

 ??  ?? IKKJE ANGREP: Christian Ramberg konstatere­r at kornet i år er lite utsett for angrep av sopp og insekt.
IKKJE ANGREP: Christian Ramberg konstatere­r at kornet i år er lite utsett for angrep av sopp og insekt.
 ??  ?? STÅR FINT: Åkrane på Uvdal i bø står svaert fint i år.
STÅR FINT: Åkrane på Uvdal i bø står svaert fint i år.
 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ??
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway