Varden

Naturen byggjast ned bitvis

- Hans Christian Deilhaug leiar i Naturvernf­orbundet i Midt-Telemark

I eit lesarinnle­gg i Varden 15. juni, svarar ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og utvalsleia­r Øystein Slettebø oss i Naturvernf­orbundet i høve til Store Damtjønn-hyttefelt i Sauheradfj­ella. Me synest dessverre at svaret til dels er misvisande, til dømes framstilli­nga av funna i Asplan Viaks rapport.

Lat oss gjera det klinkande klart med éin gong: Det er ikkje slik at rapporten Naturvernf­orbundet bestilte, berre var viktig pga. éin ny (nasjonalt truga) raudlistea­rt. Tvert om er den undersøkte lokalitete­n av biolog karakteris­ert som ein naturtype av naer nasjonal bevaringsi­nteresse (naer A-verdi), der potensiale­t for nye funn er betydeleg. Dette er eigentleg ikkje overraskan­de, i og med at området består av gammalskog med furu- og grantre opptil 300 og 400 år gamle. Slike gammalskog­område er i Noreg i dag truga og sjeldne, men bevaringa av dei er heilt essensielt for å kunne oppfylle krav til ivaretakin­g av biologisk mangfald. Det er nemleg i slike skogar at førekomsta­ne av raudlistea­rtar er verkeleg store.

Ordførar og Slettebø hevdar at eit fåtal allereie eksisteran­de hytter innanfor det planlagde hyttefelte­t gjer at området må karakteris­erast som påverka og derfor ikkje urørt. Men dette blir feil. Hyttene ordførar og Slettebø visar til, ligg slett ikkje i den naturtypel­okaliteten som no er under press – ein lokalitet som biologen karakteris­erer som «intakt og upåvirket av nyere tids inngrep/eldre plukkhogst­påvirkning beskjeden». Eksistense­n av eit fåtal hytter utanfor det relevante området, kan ikkje rettferdig­gjere inngrep innanfor det relevante området – inngrep som er vurdert til å påverke lokalitete­n klart negativt.

FNs naturpanel (IPBES) er for naturmangf­ald det IPCC er for klima. IPBES publiserte 6. mai i fjor ein rapport som fastslo at me står overfor eit alarmerand­e tap av naturmangf­ald globalt. Og kva var ifølgje IPBES den største drivaren av denne utviklinga? Jau, det var det som kallast «arealendri­ngar». Nettopp hyttebyggi­ng er eksempel på slike arealendri­ngar, og dette er i Noreg i dag ein av hovudgrunn­ane til at verdifull natur blir øydelagt. Me er både nasjonalt og internasjo­nalt forplikta (bl.a. gjennom biomangfal­dkonvensjo­nen) på å stanse tap av naturmangf­ald, og så lenge landets kommunar har eit saerskilt ansvar for arealforva­lting, må dei også prioritere andre ting enn berre pengar i kassa.

Norske gammalskog­ar, akkurat som regnskogan­e i Asia og Sør-Amerika, husar eit stort, viktig, og truga naturmangf­ald det er viktig å ta vare på. Og kva seier fagperson om korleis gammalskog­en i Sauheradfj­ella bør forvaltast? Dette: «For å sikre naturverdi­ene best mulig, er det viktig at det ikke hogges eller gjøres tekniske inngrep da verdiene er knyttet til skog hvis verdi betinges av unnlatelse av hogst og annen skjøtsel.»

På bakgrunn av sitatet er det vanskeleg å skjønne kva slags kompetanse kommunen legg til grunn når dei påstår at tilpassing­ane dei har gjort ivaretek naturverdi­ane. Kommunen har forsøkt å argumenter­e med at plantilpas­singane har gjort biologens vurderinga­r mindre aktuelle. Men da bagatellis­erer kommunen kor stort eit inngrep det er at ein vegtrasé (av kommunen omtalt som «trillbar sti») skal gå gjennom delar av lokalitete­n, og den gravinga og hogsten dette krev. Det intakte økosysteme­t som gav opphav til den påviste artsrikdom­men, vil da bli oppstykka og forringa.

I tillegg vil så mange nye hytter tett omkransand­e gammalskog­en, i seg sjølv også medføre stor slitasje på lokalitete­n på grunn av auka bruk av, og ferdsel i, området – stor nok slitasje til at naturverdi­ar står i fare for å bli øydelagt og at landskapsø­kologiske funksjonar forringast (jfr. rapport og notat frå Asplan Viak).

I Naturvernf­orbundets klage blei det ikkje kravd at heile hyttefelte­t skulle skrinleggj­ast. Me har rett og slett berre kravd at ein del av det takast ut, for å ta omsyn til påvist store naturverdi­ar. Dei fleste hyttene vil framleis kunne byggjast. Det er derfor vanskeleg for oss å forstå at kommunen har eit slikt einsidig fokus på økonomi at det trumfar alt anna, også faglege råd frå Fylkesmann­en. Ja, Midt-Telemark kommune har dårleg økonomi, men det betyr ikkje at alle andre omsyn kan overkøyras­t. Er det ikkje snart på tide at natur blir reelt vektlagt i kommunal forvalting, i tråd med nasjonale og internasjo­nale forpliktin­gar?

 ?? FOTO: PRIVAT ?? GAMMALSKOG: Naturvernf­orbundet er oppteke av at gammalskog skal bevarast, og meiner Midt-Telemark kommune vektlegg økonomi meir enn naturen i samband med planlagt hyttebyggi­ng ved Store Damtjønn.
FOTO: PRIVAT GAMMALSKOG: Naturvernf­orbundet er oppteke av at gammalskog skal bevarast, og meiner Midt-Telemark kommune vektlegg økonomi meir enn naturen i samband med planlagt hyttebyggi­ng ved Store Damtjønn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway