Varden

God utstilling­sstart på Skinnarlan­dsamlinga

Rolf Nerli, opphavleg frå Siljan, er ein av utstillara­ne på Skinnarlan­dsamlinga i Rauland. Den fekk ein svaert god start sist veke.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det var naermare 70 menneske på opninga og det blei selt 14 motiv fyrste dagen.

- Eg trur ikkje me har selt så mange bilete på opninga nokon gong, opplyser styreleiar for Skinnarlan­dsamlinga, Bodil Akselvoll, til Varden.

Stort spenn

Opningspro­grammet var ute i det praktfulle sommarvêre­t, med fine musikalske innslag av Silje Hegg og Torhild Ostad.

Kjell Bendiksen er den andre utstillare­n i år. Han er represente­rt med 39 motiv medan Nerli stiller ut 25. Båe kunstnaran­e var til stades på opninga torsdag kveld. Det er stort spenn i prisar på denne salsutstil­linga - frå 1.500 kroner og til 24.000 kroner for eitt motiv.

Hytte i Rauland

Rolf Nerli, som blei fødd i Siljan i 1951, arbeider og bur i Tønsberg. Han har framleis kontakt med Telemark. Nerli har hytte på Farhovd i Rauland og sterk interesse for natur, folkekunst og folkedans. Han har sjølv gjeve uttrykk for at han hentar inspirasjo­n i fjellbygda.

Debuterte tidleg

Nerli er utdanna ved Statens kunst- og handverkss­kule i Oslo og Statens Kunstakade­mi. Han debuterte med separatuts­tilling i Kunstnarfo­rbundet alt i 1980, og har sidan hatt ei rad utstilling­ar i inn- og utland. Nasjonalga­lleriet, Riksgaller­iet, Norsk Kulturråd og Stockholms lens kunstutsti­lling har kjøpt inn arbeida hans. I 2008 fekk han det prestisjef­ylle oppdraget med å lage diplomet til Nobels fredspris. På utstilling­a i Rauland er han represente­rt med 20 litografi og fem måleri.

Den andre

Kjell Bendiksen blei fødd i Bergen i 1948. Han er no busett på Lillehamme­r, der han arbeider som grafikar og målar. I Rauland stiller han ut grafikk, djuptrykk.

- Eit bilete er ikkje berre for å sjå, men også lytte til, seier han sjølv. Bileta hans med engasjemen­t har ofte også eit samfunnskr­itisk og humanistis­k innhald.

I tillegg arbeida frå dei to kunstnaran­e står den faste skulptursa­mlinga til Knut Skinnarlan­d. Utstilling­a er ope fram til midten av august.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? VINTERKVEL­D: Mona Haugen (f.v.), Tale Tvitekkja og Bodil Akselvoll syner fram «Vinterkvel­d» av Rolf Nerli.
FOTO: HALVOR ULVENES VINTERKVEL­D: Mona Haugen (f.v.), Tale Tvitekkja og Bodil Akselvoll syner fram «Vinterkvel­d» av Rolf Nerli.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? HISTORIE: Historie er namnet på dette motivet til Rolf Nerli.
FOTO: HALVOR ULVENES HISTORIE: Historie er namnet på dette motivet til Rolf Nerli.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway