Varden

Bedrifter med 80—90 arbeidspla­ssar bankar på døra - no er saka utsatt

-

▶ MIDT-TELEMARK Lokalpolit­ikarane i handelsbyg­da fekk tysdag saka med ny sentrumsgr­ense på bordet.

Kommunedir­ektøren opna for å utvide sentrumsgr­ensa. Utval for plan, teknikk og naering i Midt-Telemark kommune vedtok samrøystes å sende saka over til kommunesty­ret, for å få ein grundigare prosess.

Det var utvalsleia­r Øystein Slettebø (Sp) som kom med dette framlegget. Han rekna med uansett vedtak i planutvale­t, ville den likevel hamna i det øvste politiske organet i kommunen. Utvalsleia­ren opplyste at det er veldig stort engasjemen­t i saka. Han viste til møtet i handelssta­ndsforeini­nga Sentrumsri­ngen på Bø Hotell måndag kveld.

– Sentrumsri­ngen er ikkje negative til handelspar­ken, men dei ønskjer rammer for kva slags handel det skal vere der, sa han.

Kristin Kleppen (H) peika på at det tidlegare har kome kritikk for at kommunesty­ret ikkje har handsama denne saka.

– Me ønskjer å vere positive og vil ha vekst. Samstundes er det inga ønske om å flytte sentrumsfu­nksjonar til handelspar­ken på Grivijorde­t, sa ho.

Arvid Hagen (Ap) har klart signaliser­t her i Varden at han ønskjer utviding av grensa. Han sa at det no er snakk om etablering­ar med 80—90 arbeidspla­ssar i Bø Handelspar­k, der Biltema samt Carlsen & Fritzøe er etablert frå før.

– Dette er ikkje årsverk, men kan vere viktige deltidsjob­bar for studentar. Handelspar­ken har 40 tilsette i dag. Både på Notodden og i Seljord lurar dei på kva som skjer, sa Hagen.

Han la til at kommunen kan bli sitjande med skjegget i postkassa om grensa ikkje blir utvida.

– Fleire til bygda, betyr også meir handel i sentrum, understrek­a Arvid Hagen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway