Varden

Caroline og Magnus går mot straumen

Folketalet stupar i kommunen og mange gardsbruk står tomme. Det forlova paret gjekk mot straumen og kjøpte seg småbruk i den vesle bygda.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

I kommunen er det tomme hus på meir enn kvart tredje gardsbruk. Karoline Risan og Magnus Prøven gjekk mot straumen og kjøpte seg småbruk i den vesle bygda. – Me har ikkje angra eitt sekund, seier det forlova paret.

— Me har ikkje angra eitt sekund, seier sambuarane Karoline Risan (31) og Magnus Prøven (32) på garden Tvigyva i Lårdal som er ein del av Tokke kommune.

Skulle landet rundt

Opptakten til at paret hamna i Telemark er svaert spesiell. Båe to arbeider med barn og ungdom og trefte kvarandre i samband med jobb våren 2019. Magnus, opphavleg frå Lundermoen ved Lillestrøm, har dei siste åra jobba på Langedrag medan Karoline, som er utdanna sosionom, har hatt stillingar både i Rogaland og heimbyen

Arendal.

Båe to hadde ein draum om småbruk og tenkte å køyre Noreg rundt med bubil for å finne livsprosje­ktet. I sommar skulle turen fyrst gå frå Arendal til Austlandet.

Blei gira

— Eg foreslo da at me skulle ta den indre vegen gjennom Telemark. Før me drog hadde eg sett småbruket Tvigyva i Lårdal, utan å røpe dette for Magnus. I Vrådal sa eg at det var eit småbruk i området og han blei veldig gira, fortel Karoline med eit smil. Paret sette kursen mot bygda ved Bandak og overnatta på campingpla­ssen i Lårdal, før synfaringa neste dag.

— Me kom i regnvêr, men blei så fascinert og var klare på at her skulle me bu. Me fall pladask for Lårdal. Eg tenkte at det huset må eg ha, fortel Karoline.

Flytta rett inn

Det skulle vere visning seinare, men dei to vann bodrunden om garden som tel kring 96 dekar — av dette om lag 26 dekar med innmark. Resten er skog og utmark.

Bruket hadde stått tomt i fleire år. Førre eigar kjøpte det av eit dødsbu, men fekk andre planar og selde bruket i sommar, etter å ha budd der i kring fem år. Dei hadde restaurert våningshus­et, slik at Karoline og Magnus kunne flytte rett inn den 3. september i år.

Pendlar til Arendal

Karoline pendlar til jobben med barn og ungdom i Arendal.

— Eg har vakter på tre eller fire døgn, med ei veke fri etterpå. Magnus har teke seg eit friår for å jobbe på garden. Det er nok å ta seg til, men me er også klare for at han kan jobbe ute — og sette vidare oppgraderi­ng på vent. Dette er eit livsprosje­kt, så me har ingen tidsfrist, seier den blide sosionomen.

— Kva er så fascineran­de med eit småbruk?

— Me hadde både ein draum om å bu landleg. Her har me eldhus og plass til menneske i ulike fasar av livet. Det er husrom og hjarterom for familiane våre, venter og andre som måtte kome i vår retning. På Tvigyva kan ein finne roa og så er det godt å ha god plass, seier paret som har to bikkjer, ein katt og to kaninar.

Grøn omsorg?

Karoline og Magnus seier at dei har mange tankar om korleis dei skal utnytte småbruket vidare. Dei nemner at grøn omsorg kan vere eit alternativ på sikt, utan at noko er spikra.

Magnus er no i full gang med å restaurere fjøsdelen av drifts

bygningen. Det ligg også i korta at paret vil etablere ein fin grønsakhag­e på garden.

Flott mottaking

Sambuarane er overvelda over den gode mottakinga som dei har fått i Lårdal.

— Som eitt døme kan nemnast at kort tid etter at me flytta hit, kom ein nabo med kring 1,5 famn med ved. Me har følt oss veldig velkomne i eit kjempehygg­jeleg samfunn. Dei som bur i byen med bismak bør realisere sine planar, seier Karoline Risan og Magnus Prøven.

Sverre Bakke er mangeårig jordbrukss­jef i Tokke. Vidare leiar han Lårdal Vel og er kommunesty­rerepresen­tant for Senterpart­iet.

Bakke frydar seg over at bygda har fått to nye innbyggjar­ar i haust.

— Økonomien vår er heilt avhengig av fastbuande. Nedgangen i folketalet på 39 i Tokke betyr reduserte overføring­ar frå staten, med nedlegging av barnehage og skular som konsekvens, seier leiaren i Lårdal vel.

Han har gjort ei privat kartleggin­g som syner at 102 av 289 gardsbruk i kommunen står tomme.

— Her er det eit potensial til å gjere noko med folketalet. Folk kan få det gode liv i bygda vår, og minske presset i byane.

Kommunen klarer ikkje å handheve buplikta. Tidlegare var det postadress­a 1. november som galdt. No har ikkje kommunen folkeregis­teret lenger og folk opererer med både kontor- og bustadadre­sser. Dagens system medfører at det ikkje kostar noko for ein eigar å la garden forfalle. Slik bør det ikkje vere, meiner Sverre Bakke.

 ??  ??
 ?? FOTO: PRIVAT FOTO ?? PÅ JAKT: Karoline Risan og Magnus Prøven i bubilen da dei var på jakt etter småbruk.
FOTO: PRIVAT FOTO PÅ JAKT: Karoline Risan og Magnus Prøven i bubilen da dei var på jakt etter småbruk.
 ??  ?? VARM MOTTAKING: Karoline Risan og Magnus Prøven seir at dei har fått ei varm mottaking i bygda.
VARM MOTTAKING: Karoline Risan og Magnus Prøven seir at dei har fått ei varm mottaking i bygda.
 ??  ?? FALL PLADASK: Karoline Risan og Magnus Prøven fall pladask for Lårdal. Båe to hadde ein draum om småbruk og tenkte å køyre Noreg rundt med bubil for å finne livsprosje­ktet.
FALL PLADASK: Karoline Risan og Magnus Prøven fall pladask for Lårdal. Båe to hadde ein draum om småbruk og tenkte å køyre Noreg rundt med bubil for å finne livsprosje­ktet.
 ??  ?? BØR KOSTE: – Det bør koste å ha ein gard ståande tom, seier Sverre Bakke i Lårdal vel.
BØR KOSTE: – Det bør koste å ha ein gard ståande tom, seier Sverre Bakke i Lårdal vel.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway