Varden

– Er nesten like viktig som vatn

Prosjektet med fibernett på utposten i Telemark er kalkulert til naer sju millionar kroner. Både rådmann og ordførar ønskjer å realisere utbygginga.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er dagleg leiar Tor Olav Nystog i Rauland Kraftforsy­ningslag som har vendt seg til Vinje kommune med spørsmål om utbygging av fibernett på Møsstrond. Nystog gjer det klart at dette ikkje kan bli ei kommersiel­l utbygging, og derfor er ein avhengig av offentlege tilskot.

Ja frå rådmannen

Rådmann Jan Myrekrok svarar med å setje av 6,8 millionar kroner til storutbygg­inga, finansiert av posten kraftfond Møsstrond. På den veglause delen av Møsstrond er det om lag 25 faste husstandar og 100 hytter som vil få tilbod om tilkopling til supernette­t. Saka kjem til handsaming i Vinje formannska­p i neste møte.

Tor Olav Nystog seier i ein kommentar til Varden at dersom framlegget får politisk støtte, vil kraftlaget starte utbygginga til sommaren. Den er planlagt over ti år, og det er dei som bur naermast Varland som vil få fyrst tilknyting. Abonnentan­e i området vil få tilbod om tilkopling etter kvart som arbeidet skrir fram.

Utbygginga vil skje både med jord-, luft- og sjøkabel. Totalt dreier det om 54,4 kilometer med kabel.

– Det er ikkje spesielle tekniske utfordring­ar, bortsett frå at me skal rulle ut tromlar med fiber i eit veglaust område. Blant anna må anleggsmas­kinene fraktast inn sjøvegen på lekterar. Det vil nok også bli bruk av helikopter, opplyser Nystog.

Eigne tilsette

– Utbygginga betyr også fleire tilsette?

– Me ønskjer å bruke eigne tilsette i staden for å hyre inn entreprenø­r for å realisere prosjektet på kort tid. Ei slik løysing blir svaert kostbar. Dette er bakgrunnen for at me tek utbygginga over ti år, svarar toppsjef Tor Olav Nystog i Rauland Kraftforsy­ningslag. Historisk sjanse Rådmann Jan Myrekrok skriv i vurderinga til formannska­pet at det inneber eit stort økonomisk løft å forsyne Møsstrond med fiber.

– Det er få husstandar og lang framføring av kabel. Samstundes ser dette ut historisk sjanse for å få på plass ein infrastruk­tur som kan vere avgjerande for busetjinga i området, skriv Vinje-rådmannen.

Han får full støtte av den politiske leiinga.

– Fiber er nesten like viktig som vatn, og derfor avgjerande for å oppretthal­de busetjinga. Møsstrond er eit unikt samfunn som me er stolte av, seier ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) i sin kommentar.

Han viser til at Møsstrond er ein utpost i Noreg, med det høgstliggj­ande jordbruket i landet.

– Det er 39 gardsbruk og 20 av desse er veglause. Etter det eg veit bur det 46 personar der inne. Dette er ein kjempegod moglegheit for å få fiber. Elles vil også ei mobilmast vere på plass på Møsstrond neste år, seier Vinje- ordførar Jon Rikard Kleven.

 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ?? FÅR TILBOD: På den veglause øya kan alle få fibernett om politikara­ne seier ja til prosjektet.
FOTO: FREDRIK PEDERSEN FÅR TILBOD: På den veglause øya kan alle få fibernett om politikara­ne seier ja til prosjektet.
 ?? FOTO: PRIVAT ?? IDEEN: Dagleg leiar Tor Olav Nystog i Rauland.
FOTO: PRIVAT IDEEN: Dagleg leiar Tor Olav Nystog i Rauland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway