Varden

Ei oppmoding

- Per Dehli kommunedir­ektør i Midt-Telemark

Me ynskjer å kome med ei oppmoding i samanheng med smitteutbr­ota me har hatt, har og mogleg får i kommunen vår.

Midt-Telemark kommune fekk i går (onsdag) melding om eit nytt smittetilf­elle. Ein person hadde positiv covid-19 test (dette er same person som me meldte om i går, kun 1 totalt).

50 definerte naerkontak­tar er satt i karantene og testast i dag og i morgon. Bø vidaregåan­de skule har gjort ein god jobb med informasjo­n til elevar og tilsette, og har vore gode til å samarbeide med kommunens smittespor­ingsgruppe.

Vaer raus. Covid-19 er smittsamt, det veit me. Me vil oppmodar dykk alle til å vaere gode og rause med kvarandre, også når me opplever smitteutbr­ot i kommunen vår. I tida me er inne i må me vere førebudd på at smittetilf­elle kjem. Ver varsam med å snakke ned eller kome med nedsetjand­e utsegn om enkeltpers­onar eller grupper i kommunen vår på bakgrunn av smitte. Me skjønar at smitteutbr­ot kan gje engstelse, redsel og sinne, men det gjev ikkje rett til å uttale seg negativt om andre.

Som ordførar og kommunedir­ektør er me vane med kritiske tilbakemel­dingar til kommunen. I eit demokrati er det ei viktig kjelde for utvikling, alle skal bli høyrde. Men me godtek ikkje nedsetjand­e innlegg og ytringar på kommunens facebooksi­de som rettar seg mot enkeltpers­onar eller grupper. Me oppmodar til ikkje å gjere det ellers heller.

Vi ynskjer derfor å leggje til eit ekstra punkt til reglane om smittevern:

• Vask hendene.

• Hald avstand.

• Vaer gode og rause med kvarandre. Siri Blichfeldt Dyrland ordførar (Sp) i Midt-Telemark

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway